Herning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herning
by
Land  Danmark
Folketal 44 557 (2018)[1]
Kart
Herning
56°08′10″N 8°58′36″E / 56.136111111111°N 8.9766666666667°E / 56.136111111111; 8.9766666666667
Wikimedia Commons: Herning

Herning er ein by på Midtjylland i Danmark, om lag 35 kilometer vest om Silkeborg. Byen hadde 50 531 ibuarar i 2021. Herning er kommunesenter i Herning kommune og eit viktig samferdsle-nav.

Herning er ein industriby med tekstilindustri, jarn- og maskinindustri og elektronisk industri, skulesenter og omfattande messeaktivitet. Inne i bysenteret ligg store messehallar. Store messelokale finst òg sørvest i byen, så som den såkalla Boxen, ein arena som har hyst store handballmeisterskap.

Herning Museum har utstillingar, mellom anna om kulturhistoria til heidebuararne. Danmarks Fotomuseum og lærestader som Den Danske Eksportskole, Institut for forretningsudvikling og teknologi og ein skule for tekstilteknikarar, -designarar og -leiarar. Herregarden Herningsholm hyser Blichermuseet, til minne om den landskjende diktaren Steen Steensen Blicher.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Herning opplevde sterk vekst frå midt i 1800-åra, i samband med at dei jydske heiane var dyrka opp og industrialisering kom i gong. Utviklinga av byen skaut særleg fart då jarnbanen kom i 1877. Herning fekk kjøpstads-rettar i 1913. Få kilometer søraust om byen vart det frå 1940 til -67 brote brunkol til bruk i kraftproduksjonen.

Herning

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Herning
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.statistikbanken.dk/BY1.