Herschel-teleskopet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herschel-teleskopet (engelsk: Herschel Space Observatory) er eit framtidig romobservatorium som skal observera i det fjerninfraraude og i submillimetererdelen av det elektromagnetiske spektrumet, slik at det om lag dekkjer bølgjelengdintervallet 55-672 µm. Observatoriumet er planlagt skote opp våren 2009 i lag med Planck-teleskopet, og skal vera verksam i L2-punktet mellom jorda og sola.[1]
Teleskopet har ein hovudspegel på 3,5 meter, noko som vil gjera det til det største romobservatoriumet om det vert operativt.[2]
Teleskopet er namnsett etter den tyskfødde engelske astronomen William Herschel, og skal studera korleis stjerner og galaksar vart forma; og korleis dei held fram med å utvikla seg.[2]
Bakgrunnsstoff[endre]
Kjelder[endre]
- ↑ «A short Herschel mission overview» Vitja 19. februar 2009.
- ↑ 2,0 2,1 «Herschel factsheet» Vitja 19. februar 2009.