Hersketeknikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hersketeknikk er ei nemning for metodar ein person eller ei gruppe kan bruka for å audmjuka, «psyka ned» og herska over andre personar eller grupper. Hersketeknikkar kan bli utøvde gjennom tale, stemmeleie, kroppsspråk og andre former for kommunikasjon. Dei blir brukte på alle arenaer der menneske utøver makt: i familieliv, arbeidsliv, politikk og samfunnsliv. Omgrepet blei først lansert i 1945 av psykolog og filosof Ingjald Nissen i boka «Psykopatenes diktatur». Sosialpsykolog og tidlegare SV-leiar Berit Ås populariserte omgrepet i 1981 i boka «Kvinner i alle land … Håndbok i frigjøring». Her reduserte ho Nissens opphavelege ni teknikkar til fem og hevda at desse berre var noe menn kunne gjere mot kvinner. Sidan den tid har omgrepet hersketeknikk vore ein del av det norske allmenspråket, og det har også blitt kjent i ei rekkje andre land. Ås såg omgrepet i eit kjønnspolitisk og samfunnsmessig perspektiv. Seinare har tydinga blitt utvida - og etter nokre si meining utvatna - til å gjelda psykososial maktutøving på ei rekkje område. Ein kan også seia at forståinga av hersketeknikkane har blitt individualisert. Berit Ås og 70-talsfeministane såg på hersketeknikkane som ein del av eit djuptgripande undertrykkingsforhold. Svaret var ein felles frigjeringskamp. I dag blir hersketeknikkane ofte oppfatta som eit problem mellom einskildpersonar og med individuelle løysingar.

Mellom anna i arbeidslivet vert herkseteknikkar nytta for å få gjennomført makt og å opprette hierarki. (Illistrasjonsbilete)

Ingjald Nissen om hersketeknikkar[endre | endre wikiteksten]

Filosof Nina Karin Monsen har peika på at Ingjald Nissen var tidleg ute med å analysera ulike hersketeknikkar. Ho kritiserer Berit Ås for lenge å ha underslått Nissen sine bøker om dette emnet. Monsen har oppsummert dei hersketeknikkane Nissen lanserte på denne måten:

I Psykopatenes diktatur nemner Nissen spesielt:

  1. Ein er alltid i kamphumør og kampform. Individet brukar sin energi på reelle og innbilte konkurransar.
  2. Ein spelar på kjensler, suggererer andre og intrigerer. Ein held sår opne.
  3. Ein forbyr omtale av ømtålege spørsmål. Slik lammar ein andre sin intelligens.

I Menneskelige oppgaver og utveier frå 1966 nemner Nissen:

  1. Ein står fram full av forventningar til andre, skaffar seg beundring, blir elska, og får dermed ei sentral rolle.
  2. Når ei forventning blir tilfredsstilt, framkallar ein straks ei ny forventning, og ein skapar uvisse om ein blir nøgd.
  3. Ein framkallar skuldkjensle hos sine medmenneske.
  4. Den herskesjuke aktiverer andre sine kjensler av usikkerheit, underlegenheit og mindreverd. Ein styrer andre i den retninga ein ønskjer.
  5. Ein bringar andre inn i eigne konfliktar og kampar. Denne teknikken kan brukast på fire måtar: A. Ein brukar andre sin energi i eigne interesser og trøyttar dei ut. B. Ein skrur opp forventningane til andre sin innsats. C. Ein går til åtak på den svakaste i krinsen og andre blir tvinga inn i kampen igjen. D. Ein forstørrar alle feil og manglar hos andre slik at dei veks til enorme karakterfeil.
  6. Ein sørgjer for at andre blir psykisk avhengige av ein sjølv. Det kan gjerast på tre måtar: A. Ein lyttar seg fram til kva andre verkeleg vil høyra og seier det. B. Ein tilgir andre og hjelper dei med skuld- og skamkjensler og samvitskvaler. C. Ein skaper takksemd hos andre ved å arbeida hard med dei, og deretter halda opp.[1]

Dei fem hersketeknikkane[endre | endre wikiteksten]

Berit Ås reduserte Nissens hersketeknikkar til fem som ho hevda berre menn tok i bruk for å halda kvinner nede:

  1. Usynleggjering. Føregår ved at personar blir oversett, bortgløymde, forbigått eller «overkøyrde».
  2. Latterleggjering. Føregår ved at innsatsen din blir håna, ledd av eller samanlikna med dyreoppførsel.
  3. Å halda tilbake informasjon. Føregår når menn som ein sjølvsagt ting informerer andre menn, medan kvinnene ikkje får tilsvarande informasjon om viktige ting på arbeidsplassen eller i det politiske livet.
  4. Fordømming same kva du gjer. Anten er du for passiv, eller så er du for pågåande. Blir også kalla dobbeltstraff.
  5. Å påføra skuld og skam. Føregår ved latterleggjering, audmjuking, blottstilling og ærekrenking.

Hersketypar[endre | endre wikiteksten]

Hilde Sandvik og Jon Risdal forsøkte i 2007 i boka Hersketeknikk. En slags håndbok. å skildra ni «hersketypar» som ein kan møta på arbeidsplassen:

  • Gledesdreparen: Du foreslår ting, men alt er gale med ideane dine. Gledesdreparen brukar unnskyldningar som: «Vi har ikkje pengar», «du er veldig ny her», eller «dette har vi prøvd før». Og gledesdreparen har ingen alternative forslag heller.
  • Helgenen: Oftast ei kvinne. Ho har jobba på arbeidsplassen i alle år og kjenner alle kodar og alt sladder. Ho jobbar heile tida, ofte overtid. Kanskje oppdagar ho feil og manglar ved arbeidet ditt, og «må» gjera heilt «nødvendige» endringar på overtid. Då seier ho at ho ikkje berre må gjera sin eigen jobb, men din også.
  • Bølla: Ofte ein mann. Han slengjer rund seg med ukvemsord og er ofte vulgær og plump. Han kan gjera pussige brå ting, som å reisa seg frå møtet og slengja med stolen. Nokre gonger trugar han, og han brukar splitt-og-hersk-teknikkar for å kontrollera andre.
  • Flørtaren: Han har eit godt auga til damene, og slik kjem han seg unna. Men han kan gå frå å vera ein herleg flørt til å bli ein trakasserar. Eit døme kan vera at han rosar arbeidet ditt, for så å rosa utsjånaden din på ein uønskt seksuell måte.
  • Draken: Ei kvinne. Ho liknar på bølla, men er meir subtil. Ho er diskré i kroppsspråket, men flink til å bruka blikket. Nokre gonger legg ho ut diskré sladder. Ho er vanskeleg å ta igjen på, fordi alt er veldig subtilt.
  • Den kokette: Den kokette kvinna spelar ofte på femininitet. Ho kjem ofte for seint, men har alltid ei unnskyldning. På denne måten held ho andre i grepet sitt, andre som må venta til ho er på plass. Eit døme på den kokette mannen kan vera ein litt eldre medarbeidar som nektar å læra seg ny teknologi, og som brukar alderen som unnskyldning.
  • Den glade: Han smiler og ler heile tida, og det gjer at han er vanskeleg å kritisera. Ofte bagatelliserer han. Han kan også overvurdera ting, og set gjerne i gang prosjekt utan å ha verkelegheitssans.
  • Verdsmeisteren: Nokre gonger kalla ein besserwisser. Denne personen har sett alt, veit alt og har gjort alt. Brukar ofte innleiingar som «det er jo...» og «som vi veit...» Verdsmeisteren tar ofte poenga dine etter at du har sagt dei og klarar på eit vis å vri det til at dei er hans.
  • Kontrolløren: Han er svært opptatt av detaljar. Om du forsøkjer å argumentera med han og ikkje klarar å ramsa opp all statistikken, fell argumentet ditt.[2]

Opphav til omgrepet[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet hersketeknikk hadde vore brukt av fleire forskarar før Berit Ås tok det i bruk i 1981. Ein av desse var filosofen og psykologen Ingjald Nissen, som alt i 1945 analyserte ulike hersketeknikkar i verket Psykopatenes diktatur. Likevel var det Berit Ås og andre feministar sin innsats som gjorde omgrepet til ein del av allmenspråket og utvikla det til ein reiskap i kvinnekampen. Berit Ås fekk ein æresdoktorgrad i Danmark for arbeidet sitt. Eit undervisningsmateriale om hersketeknikkar er omsett til tolv språk. At ho ikkje «fann opp» omgrepet, har ho sjølv kommentert slik: «Riktignok har jeg videreutviklet og nyttiggjort meg teoriene, og arbeidet rundt i verden i mer enn 30 år med hvordan de kan avsløres, men lansert begrepet har jeg altså ikke...Jeg er opptatt av hvordan personer og organisasjoner kan motarbeide dem og frigjøre seg fra teknikkenes ødeleggende virkninger – på enkeltmenneskers helse og på truede demokratiske prinsipper».[3]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ingjald Nissen, 1945: Psykopatenes diktatur.
  • Berit Ås, 1981: Kvinner i alle land … Håndbok i frigjøring.
  • Hilde Sandvik og Jon Risdal, 2007: Hersketeknikk. En slags håndbok.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjeldetilvisingar[endre | endre wikiteksten]