His-bunten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den hiske bunt er ein bunt av hjartemuskelceller som er spesialiserte elektriske leiarar og som fører elektriske impulsar frå atrioventrikulærknuten til cellene i pumpekammera. Dette får muskelcellene i pumpekammera til å trekkja seg saman.

Desse spesialiserte muskelfibrane i hjartet er oppkalla etter den sveitsiske kardiologen Wilhelm His jr. som oppdaga dei i 1893. Dei er ein viktig del av det elektriske leidningssystemet i hjartet.

Dysfunksjon av den hiske bunt fører til hjarteblokk, vanlegvis går hjarterytmen (pulsen) ned.