Hjartestans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hjartestans er nemninga på ein tilstand der blodsirkulasjonen i kroppen opphøyrer gjennom at pumpefunksjonen til hjartet opphøyrer å fungere. Hjartestans dekker over fleire ulike tilstandar:

  • ventrikkelflimmer, som inneber at det ikkje er noka elektrisk styring av muskelcellene i hjartekammera, noko som fører til at dei trekkjer seg saman uavhengig av kvarandre,
  • asystoli, som inneber at det ikkje er nokon elektrisk aktivitet i cellene,
  • pulslaus ventrikulær tachycardi, som inneber at hjartekammera pumpar så hurtig, og ute av takt med forkammera, at dei ikkje blir fylla ordentleg med blod,
  • pulslaus elektrisk aktivitet, der den elektriske aktiviteten er normal, men cellene av ulike årsaker ikkje reagerer.

Hjartestans kan konstaterast ved manglande medvit og respirasjonsstans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]