Hogganviksteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hogganviksteinen er her sett inn i det opphavlege fundamentet (august 2010).
Inskripsjonen på Hogganviksteinen
Nærbilete av inskripsjonen (august 2010).

Hogganviksteinen er ein runestein som er funnen på garden Hogganvik i Mandal kommune. Steinen har 61 teikn, så runeinnskrifta er uvanleg lang. Då steinen vart funnen i september 2009 var det rundt 60 år sidan sist det vart gjort eit liknande funn i Noreg. Steinen er datert til folkevandringstid eller yngre romartid, frå 200- til 500-talet.

Det var Arnfinn og Henrik Henriksen som fann steinen, som låg med skriftsida ned i hagen deira. Etter alt å døme har steinen lege med skriftsida ned sidan kort etter at runene vart rissa. Runene har difor ikkje vore utsette for vêr og vind, og dei er særs lite forvitra. I dag er steinen reist på funnstaden, slik han truleg opphavleg har stått.

Innskrifta og tolkinga[endre | endre wikiteksten]

Innskrifta er tolka av professor og runolog James Knirk i samarbeid med runologane Jonas Nordby og Terje Spurkland, og professor i germansk filologi, Harald Bjorvand.

Innskrifta[endre | endre wikiteksten]

[s]kelbaþewas s^tainaR aasrpkf

aarpaa inana naloR/naboR/(nawoR)

ek naudigastiR

ek erafaR

Tolkinga[endre | endre wikiteksten]

Skelba-þewaR’s [“Skjelvande-tenar sin”] stein [=(grav-) minne].

[Bokstavmagi:] aaasrpkf aarpaa

Innanfor/innanifrå ?navet/?novet [eller: ?nåla].

Eg [=runerissaren] [heiter] NaudigastiR [=”Naud-gjest”];

Eg [kallast] Jerven.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]