Hohentwiel

Koordinatar: 47°45′53″N 8°49′08″E / 47.76472°N 8.81889°E / 47.76472; 8.81889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hohentwiel
fjell
Flyfoto
Land  Tyskland
Område Baden-Württemberg
Høgd 686 moh.
Folketal 0
Koordinatar 47°45′53″N 8°49′08″E / 47.76472°N 8.81889°E / 47.76472; 8.81889
Kart
Hohentwiel
47°45′53″N 8°49′08″E / 47.764722222222°N 8.8188888888889°E / 47.764722222222; 8.8188888888889
Wikimedia Commons: Hohentwiel

Hohentwiel er ein utdøydd vulkan i Hegau i Baden-Württemberg sør i Tyskland. Han ligg om lag 30 km frå Bodensjøen ved byen Singen

Hohentwiel hadde sitt opphav, i lag med ei rekkje vulkanar i Hegau, for om lag 7-8 millionar år sidan. Dei følgjande millionar åra vart kjernen opna av isbrear frå istider 260 meter under overflata. Dette danna kjernen som no er avdekt etter millionar av år med erosjon.

Ruinane av festninga som ligg på toppen av Hohentwiel vart påbyrja i 914 med stein frå sjølve fjellet av Burchard III av Schwaben. Opphavleg låg klosteret St. Georg innanfor festninga, men i 1005 vart det flytta til Stein am Rhein (i dag i Sveits} og dei schwabiske hertugane mista kontroll over Hohentwiel.

Seinare i mellomalderen heldt adelsfamiliane von Singen-Twiel (1100- og 1200-talet), von Klingen (til 1300) og von Klingenberg (til 1521) til her. I 1521 gjekk det vidare til Hertug Ulrich von Württemberg, som utvikla Hohentwiel til ein av dei sterkaste festningane i hertugdømet sitt. Festninga motstod fem keisarlege omleiringar under trettiårskrigen. På 1700-talet fungerte Hohentwiel som eit Württemberg-fengsel. Festninga vart øydelagd i 1800 etter at franskmennene gav det frå seg. I dag er den tidlegare festninga ein av dei største slottsruinane i Tyskland.

Den moderne byen Singen ligg ved foten av fjellet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hohentwiel