Honiara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Solomon Islands-CIA WFB Map.png

Honiara (49 107 innbyggjarar i 1999) er hovudstaden på Salomonøyane, ein øystat i det sørlege Stillehavet. Byen ligg på øya Guadalcanal. Administrativt er han eit område for seg sjølv, medan øya utgjer provinsen Guadalcanal. Inntil den andre verdskrigen var Tulagi hovudstad, men denne byen blei så sterkt øydelagd under krigen at ein valde å flytte administrasjonen til Honiara, som var nyoppbygd og i god stand sidan USA hadde brukt staden som ein av sine større basar i Stillehavet.

Honiara ligg på nordkysten ved utløpet av Matanika-elva. Ei smal 12 km lang kyststripe dannar det meste av byen, men i dei seinare åra er det komen nye busetnadar i åsane ovanfor.

Aust for byen ligg Honiara lufthamn, den einaste internasjonale flyplassen i landet. Han blei opphavleg bygd opp under den andre verdskrigen og gjekk i mange år under namnet Henderson airfield.

Klimaet er tropisk med dagtemperaturer på rundt 28 gradar °C. Sjøtemperaturen er omtrent den same. Normal årleg nedbør er 2154 mm, noko som er mindre enn generelt på Salomonøyane - og mykje mindre enn på den vêrharde sørkysten av Guadalcanal.