Hornkonsert nr. 1 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hornkonsert nr. 1 i D-dur
K. 412/386b
Hornkonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1791
Typisk lengd 9:19
Satsar 2

Hornkonsert nr. 1 i D-dur, K. 412/386b, vart skriven av Wolfgang Amadeus Mozart i 1791. Verket er i to satsar:

Dette er ein av to hornkonsertar av Mozart som inneheld fagottar (den andre er K. 447). Det er den einaste av hornkonsertane til Mozart som er skriven i D-dur, dei andre er i Ess-dur. Det er òg den einaste som berre har to satsar, medan dei andre har tre satsar, som var vanleg.

Sjølv om han er nummerert først, er dette faktisk den siste av dei fire som vart fullført. Samanlikna med dei tre andre konsertarne er han kortare og mykje enklare når det kjem til både rekkevidd og teknikk, kanskje for å hjelpe Leitgeb, hornspelaren og den gode venen til Mozart, som no var vorte gammal og (kanskje) med redusert evner.

Det signerte partituret inneheld ei rar nedskriven skildring ved fleire stader, kanskje retta mot Leutgeb.[2] Maynard Solomon kalla det «ei prosaskildring av eit farseaktig seksuelt møte».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jean-Pierre Marty, The Tempo Indications of Mozart. New Haven & London: Yale University Press (1988): 43. "The very absence of sixteenths is also an incentive towards overly fast tempos, and this is why the finales of the Horn Concertos K.386b, 417 and 447 are almost always performed faster than 88/264."
  2. Maynard Solomon (1995) Mozart: A Life. Harper Collins: 357

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]