Houston
| Houston | |
|---|---|
| Styresmakter | |
| Delstat Fylke |
Texas Harris County, Fort Bend County, Montgomery County |
| Geografi | |
| Flatevidd | 1 558 km² |
| Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
2 016 582 1344/km² |
| Diverse anna | |
| Nettstad: www.houstontx.gov | |
| Plassering | |
Houston ligg i den amerikanske delstaten Texas og er med sine 1 953 631 innbyggarar (2000) den fjerde største byen i USA. Over fem millionar menneske bur i det urbane området rundt Houston.
Med berre 45.000 innbyggarar ved førre hundreårskifte, har Houston vore ein av USAs raskast veksande byar. Det er særleg arbeidsplassar i oljeindustrien som har trekt innflyttarar til byen, som har eit utprega varmt og fuktig klima. Ofte blir framveksten av av billige luftkjølingsanlegg (air condition) som det avgjerande utviklingstrekket i Houstons historie. Fråver av sentral regulering har gjort at Houston manglar eit typisk sentrumsområde, og framstår snarare som eit stort, samanvakse område av ulike forretningsdistrikt og forstadar.
Byen har ei av dei største hamnene i USA, og er kjent for eit større romfartskontrollsenter Lyndon B. Johnson Space Center i regi av NASA.