Hundefløyte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hundefløyte

Hundefløyte eller galtonpipe er ei pipe eller ei fløyte som skapar både lydar med særs høg frekvens og ultralyd, det vil seie tonar med frekvensar over det høyrbare området (opptil ca 100 000 hertz). Prinsippet er at luft blir blåse gjennom ein ringforma smal spalte mot eit sylindrisk holrom. Lengda av dette kan regulerast ned til under 1 mm og avgjer tonehøgda.

Galtonpipa vart oppfunnen av sir Francis Galton i 1876.[1] Fløyta vert nytta til trening av hundar og kattar. Mennesket kan typisk høyre frekvensar opp til 20 kHz[2], medan hundar kan høyre heilt opp til 45 kHz og kattar 64 kHz.[3][4] Ein trur at hundar og kattar utvikla denne delane av høyrsla for å kunne høyre dei høgfrekvente lydane som byttedyra deira laga, små gnagarar. Dei fleste hundefløyter har ei rekkevidd mellom 23 og 54 kHz, så dei er over det mennesket kan høyre. Alt mennesket kan høyre frå fløyta er ein roleg vislelyd. Fordelen med hundefløyter er at lyden ikkje skapar forstyrrande støy og kan nyttast i nærleiken av folk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Galton, Francis (1883). Inquiries into Human Faculty and its Development, p. 26-27
  2. «Frequency Range of Human Hearing». The Physics Factbook. http://hypertextbook.com/facts/2003/ChrisDAmbrose.shtml. 
  3. Krantz, Les (2009). Power of the Dog: Things Your Dog Can Do That You Can't. MacMillan. ss. 35-37. ISBN 0312567227. 
  4. Strain, George M. (2010). «How Well Do Dogs and Other Animals Hear?». Prof. Strain's website . School of Veterinary Medicine, Louisiana State University. http://www.lsu.edu/deafness/HearingRange.html. Henta 20. februar 2013.