Hungersnaud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hungersnaud frå Los Desatres de la Guerra av Francisco Goya frå 1810-åra.

Hungersnaud eller hungersnød er ein tilstand der mange svelter på grunn av matmangel. Det er ein type katastrofe der store lag av folket lir av underernæring og kan svelta i hel. Hungersnaud kan oppstå av ulike årsaker, både naturlege og menneskeskapte, ofte i samverknad.

Naturleg skapt hungersnaud heng saman med uår — klima og vêrtilhøve som gjev dårlege avlingar, naturkatastrofar, skadedyr og liknande. Menneskeskapt hungersnaud kan koma av krig, fordriving, utarming eller overbefolking.

Ein kan kjempa mot hungersnaud gjennom krisehandtering frå statleg hald eller hjelpeorganisasjonar eller ved å sikra jamn fordeling av matvarer. Økonomen Amartya Sen har påpeikt at hungersnauder vanlegvis finn stad under diktatur, kolonistyre eller krig, og at ingen fungerande demokrati har hatt hungersnaud i moderne tid.

Kjende hungersnauder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hungersnaud
Spire Denne matartikkelen som har med økonomi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.