Hyadane

Koordinatar: Sky map 04h 28m 17s, +15° 45′ 40″
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hyadane er ein open stjernehop i Tyren.

Hyadane er ein open stjernehop i Tyren som er synleg for det nakne auga. Han er forma som ein V med Aldebaran (som ikkje høyrer med til hopen) øvst i venstre grein. Hyadane ligg ca. 130 lysår frå jorda og består av kring 150 stjerner. Namnet heng saman med det greske verbet for å regne (hyein) og fekk dette namnet fordi den heliakiske oppgang fann stad for kort tid før regntida.

I gresk mytologi var hyadar ei gruppe nymfer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]