Infralyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Infralyd er lydbølgjer med frekvensar som er lågare enn det som kan oppfattast av det menneskelege øyret. Vanlegvis blir infralydar definert til frekvensområdet 0,2 – 15 Hz. Bølgjene kan ha naturlege kjelder, til dømes rørsle av nordlys og vêrfrontar, eller dei kan produserast kunstig, av overlydsfly, maskiner eller ulike former for holromsresonans, som til dømes i bilar og kraftverktunnelar.

Sjølv om infralydar ikkje kan høyrast, vil han kunne følast av den menneskelege organismen, og påverknad ved spesielle frekvensar kan gje kvalme og brekningar, synsforstyrringar og nedsetting av den intellektuelle aktiviteten. Kraftig infralyd kan gje øyresus og nedsett høyrsle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]