Innværfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Innværfjorden er ein liten fjord på austsida av Bømlo. Han ligg på sørsida av neset og tettstaden Rubbestadneset og strekkjer seg 3,5 km inn frå Stokksundet i aust.

Han har innløp vest for Osparøya mellom Justenakken og Rubbestadneset og går først litt sørvestover. Den ytste delen av fjorden er om lag like lang som han er brei og på sørsida ligg Klenesvågen og grenda Ekornsætre. Lengst vest i fjorden ligg Innvær, som fjorden er kalla opp etter. Mellom Innvær og Rubbestadneset strekkjer ein smal del av fjorden seg om lag 1,5 km nordover til Stangarvågen. Ved innløpet til denne smale delen av fjorden går ei om lag 15 meter bru langs riksveg 541 over fjorden til Rubbestadneset.