Iskjerne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Iskjerneprøvar. Foto av Lonnie Thompson, Byrd Polar Research Center

Ei iskjerne er ein isprøve som er bort ut av isen i polare strøk. Slike iskjerner er særs viktige både innan vitskapen og politikken, fordi ein ved hjelp av luftbobler fanga i isen, kan seie noko om atmosfæresamansetnaden då luftbobla vart fanga og dermed noko om korleis klimaet har vore i tidlegare tider.

Luftboblene blir hermetisk lukka inni mellom iskrystallane når snø fell i kalde nok strøk. Snøen vert pakka, omkrystallisert og gradvis omdanna til is. I tillegg oppstår det ei lagdeling i isen, fordi snø som er avsett om sommaren har ein annan oksygenisotop-samansetnad enn snø som er avsett om vinteren. Dermed kan ein både telje år bakover i tid, og seie noko om årsvariasjonane i nedbør og temperaturvariasjonar i tidlegare tider. Fordelinga av oksygenisotopane 16O og 18O er avhengig av temperaturen, og dermed direkte korrelert til lufttemperaturen slik han var når snøen vart avsett.

Iskappene på Grønland og i Antarktis er opp mot 3000 meter tjukke, og nede i djupet finn ein særs gammal is. Nær bresålen på Grønland har ein funne is som er 123 000 år gammal, og på Antarktis is som er heile 740 000 år gammal. Ein kan derfor i teorien seie noko om dei atmosfæriske og klimatiske tilhøva heilt tilbake til den tid.

Kritikarar av metoden hevdar derimot at det kan ha skjedd endringar ismassen slik at luftboblene ikkje lenger nødvendigvis er representative for atmosfæren då dei vart avsett, sidan isen har vore i rørsle og er rekrystallisert. På grunn av dette er det viktig at kjerneboringane vert gjort sentralt på ei iskappe, der rørslene er og har vore minimale. I tillegg må kjernane borast i området der ein aldri har smelting i overflata som kan øydelegge lagdelinga.

Iskjerner under nedbørdanning[endre | endre wikiteksten]

Iskjerner kan òg vere faste, uløyselege og krystallinske partiklar som fører til danning av iskrystallar i atmosfæren. Sjå kondensasjonskjerne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]