Isopor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emballasje av isopor

Isopor er eit plastmateriale av ekspandert polystyren (EPS). Materialet blir brukt til kassar og emballasje. I følgje Teknisk ukeblad brukar vi rundt 4.800 tonn EPS årleg, her til lands. Mesteparten av dette er til teknisk emballasje for kvite- og brunevarar, samt VVS. Ca. 1700 tonn av det årlege forbruket går til fiskekassar.

EPS består av 98 % luft og er som oftast kvit på farge. Isopor smeltar når det kjem i kontakt med aceton, altså neglelakkfjernar.