Ivan V av Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ivan V av Russland
IvanV.jpg
Tsar av heile Russland
Regjeringstid 7. mai 1682 – 8. februar 1696
Kroning 25. juni 1682
Fullt namn Ivan V Aleksejevitsj
Fødd 6. september 1666
Fødestad Moskva
Død 8. februar 1696 (29 år)
Gravlagd Erkeengelkatedralen
Føregjengar Fjodor III
Etterfølgjar Peter I
Kone Praskovia Saltykova
Far Aleksej Mikhailovitsj
Mor Maria Miloslavskaja
Born Tsarevna Maria Ivanovna
Tsarevna Feodosia Ivanovna
Tsarevna Katarina Ivanovna
Anna
Tsarevna Praskovia Ivanovna

Ivan V Aleksejevitsj Romanov (russisk: Иван V Алексеевич) (6. september 16668. februar 1696) var felles tsar av Russland (i lag med den yngre halvbroren Peter I) som regjerte mellom 1682 og 1696. Han var den yngste sonen til Aleksej I av Russland og Maria Miloslavskaja. Styret hans var berre formelt, sidan han hadde alvorlege fysiske og psykiske funksjonshemmingar. Han sat stille i fleire timar om gongen.[1] og trong hjelp til å gå.

Ivan V var det 11. bornet til tsar Aleksej. Sidan han var stygg å sjå til og svak vart makta hans utfordra av Narysjkinane, som ønskte at sonen til Natalia Narysjkina, Peter I, skulle ta over trona. Då Fjodor III av Russland døydde i april 1682, insinuerte fiendane deira at Narysjkinane hadde fått Ivan kvalt, og slik hisse til Moskvaopprøret i 1682, som først vart avslutta då Ivan vart synt fram for den rasande horden.

Ivan hadde eit særs nært forhold til stemora og halvbroren og medtsaren Peter. Han ønskte eigentleg ikkje å verte tsar, men vart overtalt til dette.

Den 25. juni same året vart Ivan og Peter krona i lag i Uspenskijkatedralen som «dvoetsarstvenniki» (dobbelttsarar). Ei spesiell trone med to seter vart lagd for høvet (i dag til utstilling i i Rustkammeret i Kreml. Sjølv om Ivan vart rekna som «den eldre tsaren», var det den eldre systera Sofia Aleksejevna som i røynda styrte for han. I 1689, då ho skjønte at ho var i ferd med å miste makta, prøvde ho å få i stand eit nytt opprør, og spekulerte i at Narysjkinane hadde øydelagd krona til Ivan og var klar til å setje rommet hans i brann. Men læremeisteren til Ivan, prins Prozorovskij, overtydde han til å skifte side og Ivan svor truskap til broren.

Det siste tiåret av livet hans var Ivan fullstendig overskugga av den meir handlingskraftige Peter I. Han oppheldt seg i lag med kona si, Praskovia Saltykova, og brydde seg om lite anna enn å «be og faste dag og natt». Sjølv om Ivan var svak, klarte han å få fram fem døtrer, mellom anna Anna Ivanovna som tok trona i 1730. 27 år gammal vart han av utanlandske ambassadørar skildra som senil, lam og nesten blind. Han døydde to år seinare i Erkeengelkatedralen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]