Jackson Pollock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jackson Pollock (28. januar 191211. august 1956) var ein amerikansk målar, og ein av dei sentrale figurane i den kunstnariske rørsla kjend som abstrakt ekspresjonisme. Målarstilen hans var karakteristisk, han dryppa måling på liggande lerret. Denne teknikken blei det sterkaste uttrykket for greina av den abstrakte ekspresjonismen som blir kalla action painting, og gav han tilnamnet «Jack the Dripper».

Pollock var ein kunstnar som har hatt stor påverknadskraft. Det er vanskeleg å overdrive den påverknaden Pollock hadde for kunsten utover 1900-talet. Verka hans viser koss individet kan bryte grenser og utvikle sterke nye idear. Sannsynlegvis var det derfor den amerikanske regjeringa med støtte frå CIA sette saman ei utstilling som dei sendte på turne verda rundt. Utstillinga bestod av arbeid frå Pollock og andre abstrakt ekspresjonistiske målarar. Dei ville vise kva fridom og demokrati kunne føre til.

Pollock hadde si første utstilling i Peggy Guggenheim Art of this Century gallery i New York i 1943. I 1947 kom det dramatiske skiftet i stilen, då han begynte med den såkalla drype-teknikken. Han brukte målarkostane som verktøy for å drype målinga, og dei kom aldri i kontakt med lerretet. Teknikken med å drype eller helle måling blir sett på som eit av opphava til nemninga "action painting". I denne prosessen gjekk han seg vekk frå eit figurativt uttrykk, og utfordra den vestlege tradisjonen med å bruke staffeli og målarkost. Etter 1951 blei måleria hans mørkare i fargetonane, og han tok dessuten tilbake figurative element.

Spire Denne kunstartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.