Jamboree on the Air

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Scouts on the Radio during Jamboree On The Air

Jamboree on the Air, forkorta JOTA, er ein internasjonal speidaraktivitet som vert avhelde årleg den tredje helga i oktober. JOTA vart fyrst avhelde ved femtiårsjubileumet for speidarrørsla, i 1957, og er i dag ei av dei største arrangementa i speidarrørsla.

Radioamatørar frå heile verda deltek saman med speidarar for å lære dei om radio og hjelpe dei med å kontakte andre speidarar over kortbylgjenettet. Dette gjer til at speidarane lærer om korleis speidararbeidet vert drive i andre land. Dei siste åra har det òg vore avhelde Jamboree on the Internet, JOTI parallelt med JOTA.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]