Jane Addams
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jane Addams (6. september 1860–21. mai 1935) var ein sosialarbeidar og filantrop frå Sambandsstatane. I 1889 oppretta ho ein sentral for praktisk sosialarbeid, Hull House i eit fattigstrøk i Chicago. Ho var leiande i arbeidet for regulering av arbeidstida for kvinner og ungdom og mot barnearbeid i industrien. Under første verdskrigen organiserte ho ei fredsrørsla for kvinner i Sambandsstatane, og ho deltok også i internasjonalt fredsarbeid. I 1931 fekk ho Nobels fredspris saman med N. M. Butler, og vart med det den andre kvinna som har fått fredsprisen.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, Addams «Jane Addams»
Denne samfunnsartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.