Jersey City

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jersey City
by
Land  USA
Stat New Jersey
Areal 54,735593 km²
Folketal 292 449 (1. april 2020)[1][2]
Kart
Jersey City
40°43′N 74°04′W / 40.71°N 74.06°W / 40.71; -74.06
Wikimedia Commons: Jersey City, New Jersey

Jersey City er ein by i Hudson County i delstaten New Jersey i USA. Byen hadde 247 597 ibuarar i 2010, og er dermed den nest meste folkerike byen i New Jersey, etter Newark.[3] Han er administrasjonsstad for Hudson County, der han er den største byen.[4]

Jersey City er ein del av metropolen New York City. Byen ligg tvers overfor nedre Manhattan, mellom Hudson-elva og indre luten av New York-bukta i aust og med Hackensack-elva og Newark-bukta i vest. Hamnebyen Jersey City er, med sine 18 kilometer sjøline og omfattande jarnbanenett, ein viktig transport-terminal. Frå langt tilbake har byen vore kjend for sin stålindustri og sin kjemiske industri, viktig for aktiviten på hamnene i New York og i New Jersey. Service-næringar har spela ei framståande rolle i fornyinga av hamnekvartera og for framveksten av ein av dei største downtowns i landet.

Folketalet i Jersey City nådde toppen med 316 715 ved folketeljinga 1930. Dei neste femti åra sokk folketalet til det nådde botnen med 223 532 i 1980. Sidan har folketalet stige, største var tilveksten i 1900-åra. Ved folketeljinga i 2020 hadde byen 292 449 innbyggjarar.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jersey City