Jib i Jerusalem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al Jib
الجيب, al-Jib, al-Jeeb, el-Jib, el-Jeeb
kommune
Sentrum av Jib i 2012
Namneopphav: El Jib, førenamn[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Jerusalem guvernement
Koordinatar 31°51′N 35°11′E / 31.850°N 35.183°E / 31.850; 35.183
Areal 9,9 km²
Folketal 4 700  (2006)
Folketettleik 475 / km²
Kart
Jib i Jerusalem
31°51′00″N 35°11′00″E / 31.85°N 35.183333333333°E / 31.85; 35.183333333333
Wikimedia Commons: Jib, Jerusalem

Al Jib eller al-Jib (arabisk الجيب, hebraisk skrift ג'יב) er ein palestinsk landsby i Jerusalem guvernement, ti kilometer nordvest for Jerusalem,[2] i separasjonssonenVestbreidda.[3] Sidan 1967 har Al Jib vore okkupert av Israel og kring 90% av området ligg i Område C, som er under full israelsk kontroll. Bydelen Al Khalayleh vart fråskild av Vestbreidda-muren. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde al-Jib eit folketal på kring 4 700 in 2006.[4] Den moderne landsbyen er identifisert som Gibeon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al-Jib, 1938-39

al-Jib vart identifisert som den gamle kanaanittiske byen Gibeon av Edward Robinson i 1838.[5] Arkeologiske utgravingar leia av James Pritchard i 1956, 1957 og 1959 stadfesta dette, og det vart oppdaga 56 krukkehandtak med den semittiske inskripsjonen gb'n.[5]

I Josvas bok vart oldtidsbyen Jib eller Gibeon skildra som «ein stor by, som ein av kongebyane», og er staden der Josva fekk sola til å stå stille (Josva 10:12).

«El-Jib» vart skildra av geografen Yâkût i 1225 med to borger tett ved kvarandre.[6]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen i Survey of Western Palestine som «på enden av ein ås, 100 meter over dalen. I sør ligg ei smal slette, og det er ein open dal i aust, medan det i nord og vest er flate sletter. Åsen er derfor isolert og ei naturleg, sterk stilling. Husa dekkj den nordlege delen av åsen. Landsbyen er mellomstor, husa av stein, med eit sentralt tårn, og massiven fundament finst mellom dei moderne bygningane. I aust, nedanfor landsbyen, og ligg under toppen av ryggen, ligg ei kjelde, som kjem ut av ei grotte. Ho renn ut i restane av eit ganske stort reservoar. Det finst mange kjelder is ør og vest, og grotter på sørsida av åsen. Det vert dyrka oliven, fiken, pærer, eple, og vindruer kring landsbyen og på sletta. Det finst òg store kornåkrar lenger nede.»[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 296
  2. Mariam Shahin (2005). Palestina: A Guide. Interlink Books. s. 335. ISBN 1-56656-557-X. 
  3. «Vestbreidda Closures - Jerusalem» (PDF). SNs sentrale humanitære samordningseining. March 2004. Arkivert frå originalen (PDF) 14. oktober 2007. Henta 4. oktober 2014. 
  4. Projected Mid -Year Population for Jerusalem guvernement by Locality 2004- 2006 Arkivert 2012-02-07 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå
  5. 5,0 5,1 Brooks, 2005, s. 93-94.
  6. Le Strange, 1890, s. 494
  7. Conder og Kitchener, 1883, s. 10

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]