Johannes VIII Palaiologos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pisanello: Johannes VIII Palaiologos, medalje frå 1438

Johannes VIII Palaiologos (gresk: Ίωάννης Η' Παλαιολόγος, Iōannēs VIII Palaiologos), (18. desember 139231. oktober 1448) var den nest siste keisaren i det bysantinske riket. Han regjerte frn 1425 til 1448.

Johannes, som var fødd og døydde i Konstantinopel, tok over som romersk keisar då faren, Manuel II Palaiologos, døydde. Regjeringstida til Johannes vart sterkt prega av den akutte trusselen frå tyrkarane. For å få hjelp mot dei overmektige tyrkarane reiste han i 1439 til kyrkjemøtet i Firenze; Ferrara-Firenze-konsiliet. Der skreiv han under på ein union mellom den gresk-ortodokse kyrkja og den katolske kyrkja. Heime i Bysants vekte unionsavtalen einast protestar og splitting. Osmanarane utvida velde sitt meir og meir, så då Johannes døydde var det einast restar att av det bysantinske riket; Morea, Konstantinopel med omland, samt spreidde stader i Grekenland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]