Johannes krigaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes krigaren

Fødd4. hundreåret
HelgendagJuly 30, 12. august

Johannes krigaren er ein helgen som levde på 300-talet. Johannes gjorde teneste i hæren til keisar Julian den fråfalne (361-363). Saman med andre soldatar vart han send ut for å finne og drepe kristne. Skjult som ein forfølgjar hjelpte derimot Johannes dei kristne som vart jakta på. Han sette fri dei som var tatt, varsla andre og hjelpte til med rømminga. St. Johannes var ikkje berre miskunnsam med kristne, men med alle som budde i elende og trong hjelp. Han vitja sjuke og trøysta sørgande. Då keisaren oppdaga kva Johannes dreiv med vart han send i fengsel. I 363 vart keisaren drepen i krig mot persarane. St. Johannes slapp fri og vigde livet sitt til å hjelpe menneske. Han budde i heilagskap og reinheit, og døydde svært gamal.

Ein er ikkje sikker på kva år han døydde og det var heller ikkje kjend kor han var gravlagd. Han synte seg for ei gudfryktig kvinne og viste henne staden der han kvilte. Det vart kjend området og leivningane hans vart flytta til St. Johannes-kyrkja i Konstantinopel. Gud gav leivningane hans ei heilag lækjande kraft. Ved bøn til St. Johannes får syndarar og sørgande trøyst. I den russiske kyrkja vert Johannes krigaren æra som ein stor hjelp for menneske i sorg og med vanlege problem.

Minnefestdagar for Johannes krigaren[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]