Jokerteikn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jokerteikn vert nytta for å vise til eitt eller fleire vilkårlege teikn, mellom anna i filnamn og tekststrengar. Ved hjelp av jokerteikn kan ein få fleire søkeresultat samstundes for liknande namn eller tekstar, eller ein kan finne det ein er på jakt etter sjølv om ein berre huskar delar av eit namn eller ein streng.

Når ein gjev eit filnamn, representerer eit spørsmålsteikn (?) eitt vilkårleg teikn, medan ein asterisk (*) representerer ei kva for eit som helst mengd (òg null) vilkårlege teikn. Døme:

  • *.ogg – samsvarar med alle filer med namn som sluttar på .ogg
  • ab?.txt – samsvarar med t.d. abc.txt og abd.txt, men ikkje t.d. abcd.txt
  • test.* – samsvarar med alle filer som byrjar med test., uansett suffiks, t.d. test.h og test.cpp

I SQL tyder eit prosentteikn (%) ei kva for eit som helst mengd vilkårlege teikn, medan ei understreking (_) tyder eitt teikn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]