Joseph von Fraunhofer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Joseph von Fraunhofer

Joseph von Fraunhofer (fødd 6. mars 1787 i Straubing i Bayern, død 7. juni 1826 i München) var ein tysk optikar.

Han var professor i München frå 1824, kjend for kvalitet og originalitet i ei rekkje optiske arbeid. Han forbetra kikkertobjektivet ved å korrigere for fargefeil og sfæriske feil, avgjorde brytingsindeks for ei rekkje glassortar med særs stor nøysemd, fann opp nye metodar for konstruksjon av optiske gitter med meir. Han er òg kjent for særs nøyaktige målingar av bølgjelengder for lys, spesielt for oppdaginga og avgjersla av bølgjelengdene til ei rekkje absorpsjonslinjer i solspekteret, dei såkalla fraunhoferlinjene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]