Jujutsu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jujutsu (japansk 柔術, jūjutsu, også latinsk form jiujitsu, eller samansmelta japansk og latinsk form jujitsu) er ein klassisk japansk kampkunst som nyttar kasteteknikkar, låseteknikkar, slag og spark.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Frå 1600-talet gjekk det mot ei fredelegare tid i Japan og krigarane fekk mindre stridserfaring og våpentrening. Kampkunstar som ikkje gjer særleg bruk av våpen fekk difor auka merksemd. Desse var i opphavet kjende som yawara og seinare som jujutsu.

Den nyare kampforma judo er utvikla frå jujutsu. Aikido er ein annan nyare kampkunst som er inspirert frå jujutsu.

Skriftteiknet for yawara og ju er den same og sistnemnte er den kinesiske uttalen. Jujutsu som kollektivt omgrep femner både japanske og kinesiskinspirerte metodar. Nemninga «ju» kan omsetjast med mjuk, smidig og fleksibel medan «jutsu» kan omsetjast med teknikk eller dugleik.

Retningar[endre | endre wikiteksten]

Jujutsu er ikkje eit einsarta eller standardisert system, men finst i mange variasjonar og stilar. Nokre av dei autentiske jujutsu systema eksisterer framleis i Japan. Det finst fleire kategoriar av jujutsu:

  • Klassisk yawara
  • Klassisk jujutsu
  • Moderne jujutsu – utvikla i Japan
  • Moderne jujutsu – utvikla utanfor Japan
  • Sportsjujutsu - nytta i konkurransar

Trening[endre | endre wikiteksten]

Jujutsu vert rundt om i verda mest praktisert som ulike sjølvforsvarssystem utvikla utanfor Japan. Systema inneheld ofte eit mangfald av forsvarsteknikkar med slag, spark, grep og kast i kombinasjonar. Det er også viktig å lære fallteknikk. Jujutsutrening gir utøvarane eit stort arsenal av teknikkar. Avtalte sjølvforsvarsteknikkar vert innøvd saman med ein partnar.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Internasjonalt standardiserte konkurranseregler er utvikla og ligg til grunn for tre konkurranseformar:

  • Duo er ei oppvisingsform der to utøvarar demonstrerer sjølvforsvarsteknikkar mot uavtalte åtak som vert kunngjort av dommaren som dømer og gjev poeng.
  • Fighting er ein konkurranseform der to utøvarar kjemper mot kvarandre kvarandre innan eit regelverk som tillèt slag, spark, grep og kast. Det er bere lov med semikontakt når det gjeld slag og spark.
  • Grappling/Brazilian Ju-Jitsu er ein bakkekamp der to utøvarar kjemper mot kvarandre i kneståande/liggjande stilling.

I Noreg er jujutsu organisert under Noregs Kampsportforbund.