Juvente

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Juventeflagg

Juvente (latin: ungdomstid) er ein partipolitisk uavhengig og religiøst nøytral norsk ungdomsorganisasjon som jobbar for ei rusgiftfri utvikling, fred, toleranse og like rettar for alle. Medlemmane i organisasjonen er i hovudsak mellom 13 og 26 år, og har valt ein edru livsstil.

Juvente er engasjert i rusgiftpolitikk og førebygging, driv utviklingshjelp via organisasjonen FORUT, og søker å skape gode ungdomsmiljø i heile landet med lokallag, kurs, samlingar og andre arrangement. Organisasjonen arbeider også for antirasisme og integrering. Dei mest kjende eksterne prosjekta til Juvente er Rusfri Diil, KOLON musikkteater (for den vidaregåande skolen) og skoleopplegget Fristil (tidl. Holdning til rusgift / Handling mot rusgift) for niande klasse i grunnskolen.

Historie og tilknytingar[endre | endre wikiteksten]

Juvente blei stifta 1.-2. juli 1992, som ei samanslåing av Det Norske Totalavholdsselskaps Ungdomsforbund (DNTU, stifta 1924) og Norges Godtemplar Ungdomsforbund (NGU, stifta juni 1909). Juvente fungerer som ungdomsorganisasjon for Det Norske Totalavholdsselskap (DNT, stifta 29. desember 1859) og IOGT i Noreg (stifta 8. mars 1877). Internasjonalt er Juvente medlem i IOGT-International og European Good Templar Youth Federation (EGTYF). I Noreg er Juvente medlem i paraplyorganisasjonane Actis (Rusfeltets samarbeidsorgan, tidl. Avholdsfolkets Landsråd) og Landsrådet for Norges Barne- og Ungdomsorganisasjoner (LNU). Studiearbeidet i organisasjonen blir drive med statsstønad via Populus – Studieforbundet Folkeopplysning.

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

Adrian Farner Rogne er noverande leiar i Juvente.
  • Ida Oleanna Hagen, Hedmark/Oppland krets, 1992–1993
  • Vigdis Vestby, Hedmark/Oppland krets, 1993–1995
  • Torstein Nybø, Hedmark/Oppland krets, 1995–1997
  • Sten Magne Berglund, Troms krets, 1997–2001
  • Marte Haabeth Grindaker, Hedmark/Oppland krets, 2001–2003
  • Martin Hermstad Løvlien, Nordland krets, 2003–2005
  • Odrun Katrine Bergland, Troms og Ofoten krets, 2005–2007
  • Eivind Marienborg, Hedmark og Oppland krets, 2007–2009
  • Adrian Farner Rogne, Oslo, Akershus og Østfold krets, 2009

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]