Kalibrering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kalibrering vil seia å kontrollera utgangssignalet frå eit måleinstrument i høve til det som instrumentet måler (inngangssignalet). Dette gjer ein for å sikra grannsemda til instrumentet. Når ein kalibrerer eit instrument, måler ein det opp mot eit anna instrument som har eit høgare krav til dokumentert grannsemd, eller mot meir nøyaktige storleikar i naturen.

Når eit instrument er kalibrert, skal det skrivast eit sertifikat. Kalibreringssertifikatet er eit prov på målegrannsemda til instrumentet. På sertifikatet står det òg kva for instrument ein har brukt som referanse. På den måten skal ein alltid kunna finna eit instrument som er meir nøyaktig enn det ein måler med, og spora målenormalen oppover til ein høgare normal. Dette kallar ein sporevne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]