Karabinar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulike typar karabinarar

Karabinar (òg karabinkrok; ikkje sjeldan feilaktig karabin) er ein metallring av stål eller aluminium utstyrt med fjærbelasta åpningsarm. Ein skrukarabinar har ei skrumuffe for låsing av opningen.

Namnet kjem frå det tyske Karabinerhaken, som tyder «krok for ein karabin» og kjem av at kavaleristar nytta slike ringar til å feste karabinen til bandolæret eller liknande etter at skotet var fyra av slik at dei kunne halde fram med pistol eller blankvåpen.

I dag blir karabinarar ofte nytta i samband med taubruk, til dømes innan klatring, segling, fallskjermhopping eller til sikringsarbeid innan industri- og anleggsverksemd.