Karakteristisk stråling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Karakteristisk stråling er linjespekter-delen av eit røntgenspektrum. Røntgenspekteret består av to delar: eit linjespekter og eit samanhengande eller kontinuerleg spekter. Det kontinuerlege spekteret kjem av bremsestråling og er uavhengig av kva slags stoff som sender ut strålinga. Bølgjelengdene i linjespekteret er derimot avgjort av grunnstoffet i det materiale strålinga kjem frå, dvs. at dei er karakteristiske for dette stoffet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]