Karl-Erik Åström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Karl-Erik Åström (fødd 18. april 1924) er ein svensk, tidlegare langrennsløpar. Han tok to VM-gull i 1950. Åstrøm tevla for Alfredshems IK, eit idrettslag som sidan 1963 heitte MoDo AIK. Han gjekk på Limex-ski, eit svensk skimerke som mange svenske landslagsløparar i langrenn nytta frå vinter-OL 1948 og til sist i 1960-åra.

Åström deltok i berre eit stort, internasjonalt meisterskap; VM på ski i nordiske greiner i Lake Placid i delstaten New York i USA i 1950. Her gjorde han det til gjengjeld svært godt og vann 18 km med tida 1.06.16, tolv sekundar føre landsmannen Enar Josefsson. Dei to løparane vann sidan 4x10 km stafett for Sverige, saman med Nils Täpp og Martin Lundström.

Sidan klarte ikkje Åström å fylgje opp. Ein tolvteplass på 18 km i Svenska skidspelen i Sundsvall, var han beste resultat i sterk internasjonal tevling sesongen etter han vart verdsmeister.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]