Kategoridiskusjon:Årstal

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sortering i kategoriar[endre wikiteksten]

Dei fleste år blir sorterte som dei skal, men år før Kr., som blir framstilte med negative tal, er det verre med.

I kategori:årstal blir slike hundreår sortert under eit minusteikn; dette sorterer dei i omvendt talrekkjefølge.

I underkategoriar av slike årstal er det verre, truleg fordi sorteringa går etter første siffer. Eg har laga eit nokså komplisert system for å sortera årstala manuelt på denne måten:

[[kategori| (bokstav)(bokstav)]], der kvar bokstav står for eit tal, men i omvendt av vanleg rekkefølge. Mellomrommet set dei føre minusteiknet og gjer at bokstavane ikkje viser i kategorien.

9  a
8  b
7  c
6  d
5  e
4  f
3  g
2  h
1  i
0  j

År 98 f.Kr. får dermed [[kategori| ab]] (for tida sett inn gjennom Mal:1. århundret fvt.).

Dei siste ti åra før eit århundreskifte kan fortsatt sorterast under eit minusteikn. -- Ranveig 16. sep. 2005 kl. 11:23 (UTC)


Om ikkje så lenge så kjem eg til å leggja inn Afrika hendingar som eg har samla på Brukar:Dittaeva/Afrikastudier/Modul F/hendingar frå pensum i årstalsartiklane. Det hadde difor vore fint om desse var ferdige, og eg trur det er ei passande oppgåve for Brukar:Fagerbott. Før Fagerbott går laus på desse trur eg likevel det er nokon spørsmål som bør besvarast:

  1. Kor langt tilbake skal me laga artiklar? en.wikipedia har laga årstalssider t.o.m. 499 før år 0 ser det ut til og deretter har dei omdirigeringar til "-talet", hundreår, og tusenårsartiklar (og så kjem titusenår osb.), eg trur det er ei grei ordning og kunne også godt tenkt meg tiår, ("-talet"?), hundreår (1. hundreåret / århundret ?), og tusenårsartiklar (?).
  2. Kva skal årstalsartiklar før år 0 kallast? Eg har brukt "x før år 0" sidan eg tykkjer det er mest nøytralt, det vanlege er f. kr., men me kan jo også skriva "før kristus", er det nokre språkelege retningsliner for dette, standardar?
  3. Skal me bruka ein "Mal:" i staden for å leggja inn heile teksten slik som er gjort til no? Grunnen til at det er slik det er andre wikipediaer trur eg mest er at "Mal:" funksjonen ikkje har vore tilgjengeleg så lenge. Ulempen med å bruka malfunksjonen er at det er vanskelegegare å forstå og redigera og nokon må laga malen (eg er ikkje så flink med dette), og så har me jo allereie mange sider som ikkje brukar malfunksjonen.

--Guttorm 24. nov 2004 kl. 21:45 (UTC)

Bra initiativ — vanskelege spørsmål! Eg synest at "x før år 0" er ubrukeleg, for det finst ingenting som heiter år 0. Året før år 1 var år 1 før vår tidsrekning eller år 1 f.Kr. (og altså heller ikkje "f.kr", som berre kan tolkast som "før kroner") og derfor må det eventuelt heita "x før år 1".
Forøvrig ser eg gjerne at årstalssidene får ein eigen kategori: [[Kategori:Årstal]]. (Eventuelt at det vert oppretta ein artikkel med ei komplett liste av årstal som det finst Wikipedia-sider for.)
--Verdlanco (diskusjon) 18. des 2004 kl. 23:43 (UTC)
Forresten: Berre gløym dét med kategoriane — eg tenkte meg noko à la norsk Wikipedia ([[Kategori:Årstall på 1800-tallet]]), men løysinga med ein mal ({{1800-talet}}) nedst på kvar årstal-side er like bra.
--Verdlanco (diskusjon) 19. des 2004 kl. 16:04 (UTC)

Fortsetjing av diskusjonen - kopiert frå Brukardiskusjon:Jarle#Arbeid til Fagerbott:

Arbeid til Fagerbott[endre wikiteksten]

Hei Jarle! Det er ei stund sidan eg skreiv noko om at eg godt kunne tenkt meg at me fekk ferdig årstalssidene på Wikipedia:Samfunnshuset. Fint om du kunne ta ein kikk på dette dersom du ikkje allereie har gjort det. Sidan ingen andre har svart tykkjer eg du berre kan hoppa rett over diskusjonen og i alle tilfelle oppretta årstalssidene som ikkje er oppretta enno (dersom du har lyst og tid:-). For år føre år 0 tykkjer eg (og Olve?) at du skal bruka endinga "fvt", t.d. 130 fvt osb.

Er ikkje heilt sikker på kva som er den beste malen for ein årstalsside, eg trur ikkje det er 1803 som eg brukte i går, men i alle tilfelle bør du hugsa at det heiter {{stubb}} og ikkje {{stub}} og kanskje du kan få med interwiki-lenkjer og kategoriar (t.d. [[Kategori:130 fvt]]) også?

Dersom Fagerbott ikkje er robotregistrert enno så tykkjer eg ikkje det er noko problem, men du kan prøva å få det gjort på m:Requests for permissions. IRC er alltid nyttig for å få slike ting gjort.--Guttorm 15. des 2004 kl. 12:21 (UTC)

Hei, Eg er einig med Guttorm — fvt er best som grunnleggjande standard, ettersom det er noko meir NPOV enn f.Kr. Men eg trur helst det bør vera eit punktum etter: 130 fvt., på same vis som etc., osv. og liknande treledsforkortingar.
I tillegg hadde det vore fint med faste omdirigeringssider frå f.Kr., der t.d. 130 f.Kr. er ei omdirigering til 130 fvt..
Trur elles vi bør tenkje over ei grense for kor langt attende ein treng å gå med sider for kvart einaste år. 5000 fvt. er truleg rikeleg, og i første omgang føreslår eg å gå attende til 1500 fvt.
-- Olve 15. des 2004 kl. 13:23 (UTC)
Punktum er bra:-) Omdirigeringar óg:-). På en.wikipedia har dei gått tilbake til 500 fvt., tidlegare enn det så er dei omdirigeringar til 10/100/1000-tal.--Guttorm 15. des 2004 kl. 13:52 (UTC)
Eg har ein del årstal liggjande på lager frå tida kring (bl.a.) 700-talet fvt. — skulle no gjerne ha lagt inn desse på presist år... Kva med å setja grensa til 1000 fvt.? Fint og rundt tal, det... :) -- Olve 15. des 2004 kl. 14:28 (UTC)
Tenkte berre at ein som ikkje synest om "fvt" skulle seia ifrå. Dette er såpass lite brukt på norsk at det vil verka framandt for dei fleste brukarane. Det er ikkje Wikipedia sin jobb å innføra nye teoriar, og eg meiner at det heller ikkje bør innføra nye omgrep.
Viss me likevel blir einige om å bruka "fvt", bør dette i så fall forklarast med ein liten setning i kvar årtalsartikkel. Og det kan fagerbotten òg godt brukast til! -- Ranveig 21. des 2004 kl. 17:10 (UTC)
fvt. er no ikkje akkurat nokon ny skrivemåte, og eg er ikkje så sikker på at det kan kategoriserast som ein teori heller. Kva er det i så fall ein teori om? Denne forma er ein god del bruka på svensk og dansk og slett ikkje ubrukande på norsk heller. På engelsk svarar dette til den solid etablerte forma BCE. Samordning mellom wikipediaene for auka objektivitet er eit hovudmål for Wikipedia som idé. Det bør vel òg understrekast at om ein t.d. i ein artikkel om gammaltestamentlege profetar i den kristne tolkingstradisjonen gjerne kan bruke nemninga f.Kr. — og at det bør vera omdirigeringssider frå alle årstal i den eine forma til dei rilsvarande årstala i den andre. Derimot blir noko feil å skrive ein artikkel om den same profeten ut frå den jødiske tolkingstradisjonen med årstal f.Kr. Og for å setje det på spissen: Det blir svært vondt å lesa om muslimske, jødiske og hinduiske martyrar som vart drepne av korstog eller inkvisasjon i det eine eller andre årstalet «AD» (Anno Domini, Herrens (dvs., i denne samanhengen, Jesu) år). No er ikkje dette noko problem med årstal som 1098 eller 1574 ettersom desse ikkje treng noka «ending», men dette kan illustrere kvifor mange av oss meiner det er betre leksikografi å unngå eksplisitt namning av éin religions gud i årstala som standard når det finst etablerte alternativ som blir bruka av mange i Skandinavia og som svarar til ein solid etablert tradisjon i engelskspråklege land...
Når det gjeld Ranveig sitt forslag om forklaring av termen fvt. på årstalssidene, så hørest det greitt ut for meg. Eg vil òg understreke at eg tykkjer det er viktig at vi har komplett omdirigering frå f.Kr. til fvt. eller omvendt — uansett kva vi ender opp med som standard. -- Olve 21. des 2004 kl. 22:26 (UTC)
Eg meinte ikkje at fvt var ein teori, eg viste berre til at ein ikkje skal publisera til dømes eiga forsking på Wikipedia, men venta til det er godteke av fagmiljøet. Slik bør ein òg venta til fvt er godteke av ein større del av dei som skriv norsk før det blir hovudnemninga på årstal før år 1. Sjølvsagt kan ein gjerne bruka det i artiklar om jødiske hendingar eller liknande, men det blir feil å gjera om alle negative årstal berre på grunn av dette - synest nå eg.
Nytt forslag, som burde vera så NPOV som noko: Kva med å bruka negative tal føre årstalet? Til dømes -100. Dette er heller ikkje i vanleg bruk, men det er heilt nøytralt og er lett å forstå intuitivt. -- Ranveig 24. des 2004 kl. 11:07 (UTC)
Det var slett ikkje dumt! :-) Da bør vi sjølvsagt òg ha omdirigeringssider frå 100 f.Kr. og 100 fvt. — men dét er jo lett å få til med litt botting. -- Olve 24. des 2004 kl. 12:56 (UTC)
Sidan denne maaten ("-100") aa skriva det paa ikkje kjem til aa bli brukt i tekstane, blir det vansklegare aa laga lenkjer. Eg trur eigentleg ikkje det er saerleg lurt. --Guttorm 24. des 2004 kl. 18:12 (UTC)
Nei, det blir ikkje vanskelegare så lenge vi gjennomfører omdirigeringssidene som føreslått: Vi berre lagar link til 100 fvt., 100 f.Kr. eller -100 etter kva som passar kvart emne eller kvar skrivestil, og så vil dei automatiske omdirigeringane taka seg av resten. Mykje lettare enn å laga t.d. [[100 f.Kr.|100 fvt.]]-lenkjer... -- Olve 24. des 2004 kl. 19:32 (UTC)
Ja det har du rett i, tenkte ikkje saerleg langt den dagen:) Eg likar eigentleg ikkje aa leggja opp til bruk av omdirigeringar paa den maaten (det er eigentleg meininga at omdirigeringar skal vera midlertidige). Hugs ogsaa at sidene vil visast i indeksen med "-"-tittelen og ha denne som overskrift. Eg tykkjer framleis ikkje at dette er den beste löysinga. Uansett kjem me ikkje til aa vera aleine om ein slik bruk daa det ser ut til at baade fr, eo, og lb gjer det paa denne maaten allereie. --Guttorm 27. des 2004 kl. 21:53 (UTC)
Eg likar no personleg n fvt. best, men har inntrykk av at det er lettare å få konsensus for -n som ei kompromissform som er intuitivt sett rimeleg tydeleg. Når det gjeld omdirigeringar, så er det vel eigentleg to typar av dei, trur eg — 1) dei som viser frå gammal til ny form (slik som Madras > Chennai), og 2) dei som viser til hovudform frå likestilte former og sideformer (slik som einer / brake / brisk > eine). -- Olve 27. des 2004 kl. 22:53 (UTC)
Har laga eit eksempel: -1, 1 fvt. og 1 f.Kr.. Dette er tre ulike kodingar. Det er same kva koding du brukar, du vil komma fram til same sida. Dette kan setjast opp automatisk med hjelp av litt botting. -- Olve 24. des 2004 kl. 20:30 (UTC)
Eg stolar på at Jarle (og botten) får til det. Men ein ting før dei går i gang: Eg ser du har brukt berre fvt århundremalen. Her burde det kanskje stå f. Kr. i parentes, eller fvt bør vera lenka til ei forklaringsside. -- Ranveig 26. des 2004 kl. 12:58 (UTC)
Eg trur at det er ein grunn til at negative tal normalt ikkje vert brukt om årstal: Det liknar for mykje på heiltalsrekkja, og difor kan det føra til at folk prøver å føra reglar frå heiltalsaritmetikk over på årstal. Ein person som er fødd i år 5 fvt., fyller ikkje 10 år i år 5, ho fyller 9. Heiltalsrekkja inneheld som kjent talet 0, som er grunnlaget for den vanlege måten å rekna med negative tal på.
--Verdlanco (diskusjon) 25. des 2004 kl. 11:20 (UTC)
Mangelen på år 0 har allereie ført til mykje forvirring, hugsar du ikkje alle ordskifta rundt millenniumskiftet? ("2000 er det nye millenniet!" "Nei, det startar i 2001!"). Det er eigentleg bra for oss, då har me noko å skriva om under 0. -- Ranveig 26. des 2004 kl. 12:58 (UTC)

Eg hev ganske mykje anna som må gjerast fram til tysdag, men skal sjå om ikkje eg fær sett opp Fagerbott etter det. Jarle 17. des 2004 kl. 18:39 (UTC)

Er det då semje om kva "tidsrekning" me skal nytta? So får me sjå om eg greier å programmera botten til denne oppgåva. Kan ikkje seia for visst, men skal gjera som best eg kan! Jarle 30. des 2004 kl. 18:49 (UTC)


Avstemming[endre wikiteksten]

Kva med ei lita avstemming?

Stem gjerne på fleire alternativ dersom du synest dei kan gå an.

Enkle årstal[endre wikiteksten]

  • fvt. (t.d. 100 fvt.)
for --Verdlanco (diskusjon) 5. jan 2005 kl. 21:37 (UTC)
for --Guttorm 7. jan 2005 kl. 16:20 (UTC)
for --Gunnernett 7. jan 2005 kl. 16:26 (UTC)
for -- Olve 7. jan 2005 kl. 17:33 (UTC)
  • f. Kr. (t.d. 100 f. Kr.)
for --Verdlanco (diskusjon) 5. jan 2005 kl. 21:37 (UTC)
for --Arj 7. jan 2005 kl. 22:25 (UTC)
  • negative tal (t.d. −100)
for -- Ranveig 5. jan 2005 kl. 18:39 (UTC)
for -- Olve 5. jan 2005 kl. 19:02 (UTC)
for -- Arvind 7. jan 2005 kl. 19:00 (UTC)
  • noko anna

Legg gjerne til nye moment for eller imot, eller spørsmål som ikkje har fått svar:

Tiår[endre wikiteksten]

  • ikkje lag artiklar om tiår
  • ikkje lag artiklar om tiår før vår tidsrekning, bruk N-talet om nyare tid (t.d. 1980-talet)
mot - "X00-talet" kan fort koma i konflikt med hundreår. --Verdlanco
berre som tilvising til N-åra - mange vil «automatisk» skrive t.d. 1980-talet... -- Olve 7. jan 2005 kl. 17:31 (UTC)
  • ikkje lag artiklar om tiår før vår tidsrekning, bruk N-åra om nyare tid (t.d. 1980-åra)
for - då slepp me kollisjonen Verdlanco nemner --Ranveig 6. jan 2005 kl. 21:30 (UTC)
for - av same grunn. --Verdlanco (diskusjon) 7. jan 2005 kl. 12:27 (UTC)
for - av same grunn. --Guttorm 7. jan 2005 kl. 16:23 (UTC)
for - av same grunn. --Gunnernett 7. jan 2005 kl. 16:26 (UTC)
for - av same grunn. (Men vi bør ha tilvising frå N-talet av pragmatiske grunnar, trur eg. -- Olve 7. jan 2005 kl. 17:31 (UTC)
  • ikkje lag artiklar om tiår før vår tidsrekning, bruk N-talet e.Kr. om nyare tid
  • N-åra fvt. (t.d. 1980-åra fvt.)
  • N-åra f.Kr. (t.d. 1980-åra f.Kr.)
  • N-talet fvt. (t.d. 1980-talet fvt.)
  • N-talet f.Kr. (t.d. 1980-talet f.Kr.)
  • −N-åra (t.d. −1980-åra)
  • −N-talet (t.d. −1980-talet)
  • noko anna

Hundreår[endre wikiteksten]

  • N-talet fvt. (t.d. 100-talet fvt.)
for -- Olve 5. jan 2005 kl. 19:02 (UTC)
for --Verdlanco (diskusjon) 5. jan 2005 kl. 21:37 (UTC)
for --Ranveig 6. jan 2005 kl. 21:24 (UTC)
for --Guttorm 7. jan 2005 kl. 16:20 (UTC)
for --Gunnernett 7. jan 2005 kl. 16:26 (UTC)
for -- Arvind 8. jan 2005 kl. 16:07 (UTC)
  • N-talet f. Kr. (t.d. 100-talet f. Kr.)
for --Arj 7. jan 2005 kl. 22:28 (UTC)
  • negative tal (t.d. −100-talet)
  • N. hundreår (t.d. 1. hundreår)
  • noko anna

Legg gjerne til nye moment for eller imot, eller spørsmål som ikkje har fått svar:

  • Avstemming er eigentleg heilt unödvendig når det er så få aktörar, det eigentleg er rimeleg klart kva dei meinar. --Guttorm 7. jan 2005 kl. 16:20 (UTC)
  • Ikkje heilt einig der — eg finn det nyttig å sjå kva folk meiner i klartekst på det viset vi ser her. Eg liker særleg godt at ein kan «stemme» på fleire alternativ. -- Olve 7. jan 2005 kl. 17:39 (UTC)
  • Saknar forresten Jarle, Bjarte og Arvind sitt syn. Håpar vi kan høre kva dei tykkjer òg føre vi avgjer desse spørsmåla... -- Olve 7. jan 2005 kl. 17:44 (UTC)


Plassering av (artiklar om) årstal i eit hierarki av kategoriar[endre wikiteksten]

For årstal på 1900-talet har me tre (3) nivå med kategoriar:

  1. éin hovudkategori: Kategori:1900-talet
  2. ti underkategoriar: Kategori:1900-åra, Kategori:1910-åra, Kategori:1920-åra, osb.
  3. éin underkategori for kvart år inni desse att: Kategori:1901, Kategori:1902, osb.

Artiklar som handlar om eit årstal, står som medlem både av årstal-kategorien og hundreår-kategorien. Døme: 1990 tilhøyrer kategorien Kategori:1990. Kategori:1990 tilhøyrer Kategori:1990-åra (og det same gjer artikkelen 1990-åra). Kategori:1990-åra tilhøyrer naturlegvis Kategori:1900-talet. I tillegg høyrer 1990 til Kategori:1900-talet, slik at det der vert samla ei komplett liste av årstalsartiklar for heile hundreåret. (Sjå sjølv.)

Dette synest eg fungerer bra for nyare historisk tid, der me har opplysningar om mest kvart einaste år. Då er det greitt å ha eit detaljert hierarki.

Men eg synest det blir i drøyaste laget å bruka det same systemet på årstal som ligg mange hundre år attende i tid. Då synest eg artiklane «druknar» i kategoriar. Eit døme:

  1. Kategori:100-talet
  2. Kategori:130-åra
  3. Kategori:135
  4. 135

Her kunne me med fordel ha sløyfa minst eitt, kanskje to nivå med kategoriar.

Det er sikkert mange årstal på 100-talet me etter kvart vil ha noko å skriva om, og engelsk Wikipedia gjer det nettopp på denne måten (til og med endå lengre bakover i tid). Men eg trur at han eller ho som slår opp på Kategori:100-talet, som oftast er interessert i anten heile hundreåret eller eitt bestemt år, ikkje i eit tiår. Eg trur tiåra vert av ganske lita interesse allereie når vi kjem til tida før år 1700, og gjer difor framlegg om å sløyfa tiårs-kategoriane frå 1690-åra og bakover!

Einskildårstal-kategoriar kan forsovidt ha ein funksjon for alle årstal med kjende hendingar (t.d. fødslar og dødsfall av kjende personar), men på ein eller annan dato i fortida bør me setja ei grense og seia at for hendingar før dette, skal kategorien heita «Fødde på X00-talet», ikkje «Fødde i YYYY». Eit godt døme er Kategori:Døde på 500-talet. Eg har sjølv vore med og oppretta kategoriar som Kategori:250 og Kategori:251, men no synest eg dét er å gå litt for langt. No synest eg grensa går omtrent rundt år 800 (hendingar i vikingtida kan vel kanskje få lov til å stå i eigne årstal-kategoriar). Eg gjer difor framlegg om å sløyfa einskildårstal-kategoriane frå 799 og bakover, slik at det berre finst hundreårs-kategoriar før det.

Eg vil gjerne høyra andre sine synspunkt på desse framlegga til forenkling, og på dei vilkårlege grensene eg har vald for skilja.

--Verdlanco\ordskifte 27. mars 2006 kl. 18:58 (UTC)

Eg er einig i at det blir mykje unødig kategorisering etter kvart som dei historiske kjeldene blir færre, men eg har litt ulike konklusjonar til kva me bør sløyfa.
Tiår er faktisk ganske greie kategoriar for til dømes år 0 til 1600. Dette fordi me ofte ikkje veit nøyaktig kva år nokon er fødde, men tiåret er som regel kjend. Dessutan vil tiår samla opp eit passande knippe folk og hendingar. Eit heilt hundreår kan bli litt for breidt. Eg vil derfor gå inn for å halda på tiåra temmeleg langt tilbake i tid, men sløyfa årstalskategoriane frå til dømes 1600. -- Ranveig 28. mars 2006 kl. 07:48 (UTC)