Kategoridiskusjon:Folk frå Lurøy
lurøyværing versus lurøyfjerding[endre wikiteksten]
I fylgje oversikta til språkrådet vert folk frå Lurøy kalla lurøyværing. Kategorien her var tidlegare lurøyfjerding. I Norsk allkunnebok står det ein lurøyværing (om kommunen), det gjer det også i Norsk stadnamnleksikon (om øya). Språkrådet si oversikt byggjer gjerne dels på dei to sistnemde, og dei er i sinn tur noko gamle. --Jorunn 1. september 2009 kl. 15:24 (CEST)
- Lurøyværing, står det øvst på s. 13 i det lokale menighetsbladet. --Knut 1. september 2009 kl. 22:39 (CEST)
- Medan Helgelands Blad skriv om ein utflytta lurøyfjerding her. Så begge omgrepa er nok i bruk, akkurat som nn-wp skriv. --Knut 1. september 2009 kl. 22:46 (CEST)