Kategoridiskusjon:Norsk næringsliv

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skilnad på "føretak", "firma" og "selskap"

Skulle ein ikkje slege saman kategoriane Norske føretak og Norske selskap? Roger 18. januar 2006 kl. 21:38 (UTC)

Skulle nok det, ja. Eg føreslår å slette «norske selskap» og innlemme innhaldet i den meir eintydige kategorien «norske føretak». No er du nybaka administrator, så det er berre å setja i gang om du er einig. Om ikkje, så kan vi diskutere vidare først og sjå kva dei andre meiner. (Gratulerer, forresten! :-) ) -- Olve 19. januar 2006 kl. 02:03 (UTC)
Takk for admin! Får teste litt, og prøve å ikkje gjere noko gale no då... :-) Eg er iallefall einig her, tek det i løpet av dagen om ingen andre meinar nokon andre. Først ein tur på skulen. Roger 19. januar 2006 kl. 07:28 (UTC)
Det høyrest bra ut med «norske føretak»! Slik eg oppfattar det, blir vel einaste forskjellen at det blir litt breiare enn «norske selskap», og meir eintydig sjølvsagt. Inkluderer f.eks. enkeltpersonsføretak i tillegg til f.eks. aksjeselskap og ansvarleg selskap. --Erlend 19. januar 2006 kl. 09:54 (UTC)
Då var det gjort. Eg heilt einig med det brukar:Erlend seier ja. Roger 19. januar 2006 kl. 15:09 (UTC)