Kategoridiskusjon:Norske regentar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Regentar, kongar, eller monarkar?[endre wikiteksten]

Bør kategorien Kategori:Norske regentar kanskje byta namn til Kategori:Norske kongar eller eventuelt Kategori:Norske monarkar?
Regentar er kanskje formelt korrekt, men til vanleg vert vel dét ordet helst nytta om tronarvingar som ikkje er monarkar, men som likevel styrer riket mellombels medan kongen er borte? Slike regentar finn eg ikkje nemnde her i det heile teke.
--Verdlanco (diskusjon) 28. des 2004 kl. 23:30 (UTC)

Eg seier:

Nei til Kategori:Norske kongar, ettersom me har hatt minst ei regjerande dronning som bør vera med i denne kategorien. Me kan sjølvsagt ha ein ekstra kategori med norske kongar som ligg t.d. under Kategori:Norske kongelege.
Tja til Kategori:Norske monarkar, som vil stemma betre med artikkelen Norske monarkar (sjå forresten òg Diskusjon:Norske monarkar om same problemet. Ellers veit eg ikkje kor mykje me tener på å bytta.
Tja til å halda på Kategori:Norske regentar - det er ikkje noko problem å leggja inn mellombels statsoverhovud dersom me ønskjer det. Akkurat no er det vel meir sannsynleg at dei ikkje har artiklar.
Kva med Kategori:Norske statsoverhovud? Eg er ingen statsvitar, så eg veit ikkje om dette er rett, heller. Tja, seier nå eg.
-- Ranveig 29. des 2004 kl. 17:43 (UTC)

Eg veit berre om éi dronning på denne lista. Dét er Margrete I, som fekk regjera under Kalmarunionen fordi den norske kongeætta hadde døydd ut. Sjølvsagt er ikkje kongerekkja komplett utan henne, men ho var eit unntak. So vidt eg veit, står det framleis i Grunnlova at "den utøvende Magt er hos Kongen", so sjølv om arverett til trona no gjeld for jenter òg, kan etter mitt skjønn ei kvinne ikkje regjera her til lands utan ei ny grunnlovsendring, dét er det berre mannen hennar som kan. Eller?
--Verdlanco (diskusjon) 11. jan 2005 kl. 13:07 (UTC)

Etter Grlbest. av 13 juli 1990 nr. 550 lyder § 3 no slik: Den udøvende Magt er hos Kongen, eller hos Dronningen hvis hun har ervervet Kronen efter Reglerne i § 6 eller § 7 eller § 48 i denne Grundlov. Naar den udøvende Magt saaledes er hos Dronningen, har hun alle de Rettigheder og Pligter som ifølge denne Grundlov og Landets Love indehaves av Kongen.

Etter §3 er det rom for at monarken kan vera ein mann eller ei kvinne ... Grunnen til at eg brukte "regentar" som kategori var vel at mange av mellomalderkongane har litt uklar status. Fleire var kongar samtidig med andre, eller dei hadde i røynda makt i berre ein del av landet. Slik sett kan ein i teorien oppretta ein heil haug med kategoriar, som til dømes "norske tronkrevjarar" og "norske tronrøvarar". Nemninga "stat" er relativt ny. Engelsk wiki ser ut til å bruka "monarch" --Gunnernett 11. jan 2005 kl. 16:01 (UTC)
Takk for korreksjonen, Gunnernett!
Tittelen Norske kongar ville forsovidt òg vera fleirtydig, for det området som i dag heiter Noreg, hadde mange småkongar i tida før Harald Hårfagre, og dei var òg kongar.
Tittelen Norske regentar er vel greitt, sjølv om det for meg har ein klang av «mellombels styre».
Tittelen Norske monarkar har eg ingenting å utsetja på.
--Verdlanco (diskusjon) 11. jan 2005 kl. 19:56 (UTC)