Kheopspyramiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kheopspyramiden, den store pyramiden i Giza er det einaste av verdas sju underverk som er teke vare på. Den er verdas mest kjende pyramide. Kheopspyramiden var opphavleg 146,5 meter høg, og er den største av dei tre store pyramidane i Giza som ligg like utanfor Kairo, hovudstaden i Egypt.

Egyptologane trur at pyramiden vart bygt som eit gravkammer for faraoen Khufu. Khufu var farao under det 4. dynastiet i det gamle riket. Namnet Kheops stammar frå det greske namnet hans, Kheops. Det mest vanlege årstalet ein trur pyramiden var ferdig er år 2580 f.vt.. Dei andre to store pyramidane på Giza er Menkaurepyramiden (minst av dei tre) og Khafrepyramiden (noko mindre enn Kheops).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]