Kjønnscelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei kjønnscelle eller gamet er ei haploid celle som kan gje opphav til eit nytt individ. For at dette skal kunne skje, må kjønnscella smelte saman med ei anna kjønnscelle. Dette vert kalla befruktning og resulterer i ei diploid celle (zygote).

I artar som har kjønn, kan berre kjønnsceller av motsett kjønn smelte saman. Kjønnsceller kan ha lik (isogami) eller ulik storleik (anisogami). Om den største kjønnscella er (nesten) urørleg, vert systemet kalla oogami. Den store kjønnscella vert då kalla eggcelle, og den vesle sædcelle.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]