Kjønnslepper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bilete av vulva til ei kvinne som har beina samla viser dei ytre og dei indre kjønnsleppene.

Kjønnslepperr (skamlepper) (lat. labia pudendi) er eitt eller to par av hudfoldar rundt skjedeopninga og er ein del av dei ytre kvinnelege kjønnsorgana, eller vulva.

Menneskekvinner og andre primathoer har to sett kjønnslepper kalla indre og ytre eller små og store (labia minora pudendi og labia majora pudendi). Pattedyrhoer elles har berre eitt par, (kalla labia pudendi eller labia vulvae) som svarer til dei indre kjønnsleppene.

Kjønnsleppene kan variera i storleik og form. Det er to typar kjønnslepper, dei indre og dei ytre. Dei er ei erogen sone og vernar dei indre delane mot ekstern påverknad som til dømes infeksjonar.

Nokre kvinner tek intimpiercingar gjennom dei indre eller ytre kjønnsleppene. I nokre former for kjønnslemlesting blir dei indre eller begge para av kjønnsleppene heilt eller delvis skorne av.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Menneskelege
kjønnsorgan

Hos kvinna: vulva (med klitoris), kjønnslepper, vagina, eggleiarar, eggstokkar, livmor
Hos mannen: penis, testiklar, prostata, sædleiarar, sædblærer