Kjemisk anlegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Eit kjemisk anlegg er ei betegning på ei rekkje komponentar som saman verkar for å bearbeide råstoff og delprodukt til ferdige produkt.

Oppbyggjing[endre | endre wikiteksten]

Kjemiske anlegg er bygd opp av ei rekke grunnelement:

  • Røyrleidningar
  • Armaturar
  • Reaktorar
  • Apparat
  • Motorar
  • Transportinnretningar
  • Lagerinnretningar
  • Måle-, styre- og reguleringsinnretningar

Røyrleidningar er, logisk nok, dei røyra som bind saman dei ulike apparata i anlegget, og transporterer stoffa mellom desse. Røyrledningane består av røyrstykkje som er kopla til kvarandre med diverse røyrforbindingar.

Armaturar er montert inn i ledningane, for å regulere mengda stoff som kan passere for å regulere forløpet i prosessen, eller hindre at han løper løpsk. Døme på armaturer er ulike ventilar.

Reaktorar er spesialbygde tankar kor dei kjemiske reaksjonane foregår; dei er innretta slik at trykk og temperatur kan regulerast slik at reaksjonane kan styrast slik ein vil, ofte er det også montert inn blandarar for å blande stoffa skikkeleg. Dei kan vere alt frå små tankar på størrelse med kjøleskap, til enorme innstallasjonar på magfoldige etasjar, alt etter kapasitetsbehov eller ønska driftsforhold.

Apparat er kopla inn framfor eller etter reaktorane, og brukast til å varme opp, kjøle ned, blande eller separere stoffa før eller etter at dei har vore i reaktorane. Døme er varmevekslarar, knusemøller eller ulike separasjonsapparat.

Motorane driv dei bevegelege delane, som røreverk, transportband, pumper og anna. Dei er som regel elekriske, i alt frå bittesmå til meget kraftige kapasitetar.

Transportinnretningar er utstyr som skal flytte stoffa til, frå og rundt i anlegget på den bedriften de skal bearbeides. Slike innretningar kan vera transportband, pumper, kompressorar og pneumatiske transportsystemar(trykkluft).

Lagerinnretningar brukast til å oppbevare dei ulike stoffa over lengre eller kortare tidsrom, som buffarar i prosessen slik at det alltid er tilstrekkeleg med råstoff eller ferdige produkt tilstades. Til dømes må ein ha ein tank til å lagre flytande nitrogen som skal brukast som kjølemiddel, eit lager med pulver for å oppretthalda gangen i ein kontinuerleg prossess, og ein stad å oppbevare produkt som skal skipast avgarde, medan ein ventar på neste transportskip. Lagerinnretningane brukast m.a.o. for å halde ein jamn flyt i prosessen.

Måle,- styre- og reguleringsinnretningar er kritiske for å kunne halde ein prosess i gang, og for at han skal flyte best mogleg. Måleinstrumenta viser variablar som trykk, temperatur og srømningshastigheit, nivå i tankar etc. Styre-og reguleringsapparata sørgjer for at prosessen går under optimale forhold. Dette foregår i dag i stor grad automatisk.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]