Klassifikasjonsnøkkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein klassifikasjonsnøkkel er ein «nøkkel» bygd opp skjematisk som etter gjennomgang leier fram til ei løysing eller eit svar. Nøkkelen er bygd opp av spørsmål, og ein må velje «ja» eller «nei». Ut ifrå vala vert ein leia til neste spørsmål. Ut frå eliminasjonsprinsippet endar ein til sist opp med svaret eller løysinga.

Klassifikasjonsnøklar vert bruka innan fleire fagområde. Mest kjend er bruken innan biologi, til dømes i floraer, som brukar nøklar for å hjelpe brukarane å fastsetje arten. Men òg innan fleire andre fag vert slike nøklar bruka. Eitt døme er som feilsøkingsskjema, der den eine etter den andre løysinga vert eliminert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mange biologiske handbøker vert innleia med ein nøkkel, og fleire slike nøklar er lagde ut på internett.

Zoologi[endre | endre wikiteksten]

Her er eit lite utval av zoologiske klassifikasjonsnøklar. Dei fleste er ikkje tilpassa norske artar, noko som fort kan leie til feil artsidentifikasjon. Særleg gjeld det nøklar som går til artsnivå, fordi artar har ulike utbreiingsområde. Det vil seie at nokre av artane i nøkkelen ikkje finst i Noreg, mens andre norske artar ikkje er tatt med i nøkkelen. Generelle nøklar som berre leier fram til slektsnivå, vil jamt over vere meir pålitelege.

Grupper[endre | endre wikiteksten]

Flora[endre | endre wikiteksten]