Klimavarsel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Klimavarsel er eit fagfelt innan numerisk vêrvarsling som nyttar generaliserte varsel utover dei vanlege periodane for langtidsvarsling.

Sidan det er særs komplekse årsakssamanhengar mellom faktorane som styrer klimaet, er det særs vanskeleg å lage nøyaktige klimavarsel. Ein nyttar klimamodellar til å studere mogelege framtidige klimaendringar ved hjelp av forskjellige simuleringar ein kallar «klimascenariar» eller «projeksjonar».

På same måte som i ein vêrvarslingsmodell, vert dei fysiske prosessane i atmosfæren og havet skildra matematisk, og kraftige datamaskinar reknar ut endringane i klimaet på grunnlag av endringar i konsentrasjonane av drivhusgassar og partiklar.

SN sitt klimapanel gav i 2007 ut klimavarselet IPCC 2007, der det vart rekna ut den sannsynlege temperaturauken frå 1990 og fram til år 2100. Avhengig av kva utsleppsscenarioar ein la til grunn, var temperaturauken i dette varselet frå 1,1 til 6,4 ºC.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]