Klostergata 16 i Moss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klostergata 16 i Moss

Slik ser huset ut i dag.
Kart
Klostergata 16
59°25′53″N 10°40′13″E / 59.431484°N 10.6703567°E / 59.431484; 10.6703567

Klostergata 16 er eit bygg som står som eit kulturminne i Moss kommune.[1] Huset er verna etter plan- og bygningslova. Bustadhus frå same tidsperiode som andre bygningar i Klostergata på 1800-talet, er òg verna etter plan- og bygningslova. Reguleringsplan vedtatt 2005, formål: bustader. Bevaringsverdig på bakgrunn av alder, autensitet og representativitet som ein del av eit historisk gatemiljø langs Den fredrikshaldske kongevei. Plasseringa viser den opphavlege traseen for Kongeveien.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Klostergata vart sett på som ei «handverksgate» i 1891.[3]

Baksida av Klostergata 16.

Moss hamn

Klostergata 16 var ei arbeidsstove for dei som jobba på kaia. I 1560 vart hamna i Moss godkjent av Kongen som import og eksport hamn. På starten av 1800-talet var det mykje aktivitet nede på hamna. Eigaren av Melløs dreiv eit talgverk nede som eksporterte talg og murstein. Talgverket drog arbeidstakarar til Moss. Derfor var det veldig gunstig for arbeidarane på kaia at  Klostergata 16 var ei arbeidarstove.[4] I 1807 kom det første bryggeanlegget i Værlebukta. Kanalen gjennom Værlesanden som gav samband mellom Mossesundet og Værlebukta og gjorde Mossesundet isfritt tidlegare på våren, vart grave ut i 1850-åra. Den første båten gjekk gjennom kanalen 6. november 1855. Dette førte då vidare til auka aktivitet og ønskte arbeidskraft igjen.

Tømmermand

Huset vart hovudsakleg bygd for arbeidarane på kaia. I arkiva kan vi sjå at Torger Andersen jobba som «tømmermand». Det vil seia at han jobba som handverkar, og dreiv med tømmer. På 1600-talet byrja tømmermenn å opptre som entreprenørar ved byggearbeid, på 1700-talet blir dei namngitt til dels byggmeistrar. Tømmermannslaug er kjende heilt fram til 1846, sidan 1919 vart tømrarane organiserte i Noregs byggmeisterforbund. Så det kan tenkast at Torger Andresen har både vore med i tømmermannslaug og byggmeisterforbund.  Bybrannen i 1881 førte til at etterspørselen etter handverkarar var stor. Noko av gardane vart bygd i mur. Dette vart rekna som «herskapshus». Murtvangen ført til at det vart fare i utbygginga av trehusbebyggelsenden vidare utbygginga i Klostergata og til dels Klommesten. Dette var svært positivt for tømmermannen Torger Andresen. Torger Andresen var ein handverkar som budde i huset frå 1884 til 1893, og ut ifrå tidsperioden han levde i Klostergata, vil det seia at han ikkje sleit med å finna jobbar.[3][5]

Byggestil[endre | endre wikiteksten]

Etter bybrannane i 1858 og 1881 vart det innført murtvang og alle hus som skulle byggast i byen måtte byggast i mur. Dette påbodet gjaldt i likevel ikkje for Klostergata sidan det på den tida låg utanfor byen. Derfor ser vi den dagen i dag at fleire av husa i Klostergata er bygd i tre og ikkje mur som resten av husa i byen. Klostergate 16 er bygd i reisverk med ståande panel, grunnmuren er bygd av stein, seinare har det vorte lagt på puss som gir grunnmuren den fasongen han har i dag. Huset består i dag av to etasjar og ein innredet kjellar. Originalt vart huset bygd før år 1841, og det vart hovudsakleg bygd som arbeidarstove for arbeidarane som jobba på kaia på 1800-talet. Dei seinare åra har huset fått tilbygg som gir huset fasongen vi ser den dagen i dag.[2]

Bebuarar[endre | endre wikiteksten]

Bebuarar på 1800-talet

Klostergata 16 var nummerert som Klostergata 18 fram til år 1959. I år 1800 hadde ikkje Klostergata 18 nokon oppgitt eigar. I følgje sikre kjelder kan vi ikkje sjå at Klostergata 16 hadde nokon eigar før i år 1841, då var nummeret til huset 200, og var eigd av Gunder Sørensen. I 1868 vart huset tatt over av O. Bergersens enke, og huset hadde framleis 200 som nummer. I 1884 vart nummeret i huset bytt frå 200 til 18, og var då eigd av Torger Andresen, han jobba som «Tømmermand». Torger Andresen eigde huset fram til 1893, saman med K. Karlsdatter som var Melkehandler.

Nyare tid

Husnummeret var 18 heilt fram til 1959, og då vart nummeret bytt til 16. Vedkommande som tok over huset i 1893 ville haldast anonyme, så vi har ingen informasjon om vedkommande som budde i huset frå 1893 til 1988.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kulturminnesøk, «Kulturminnesøk», kulturminnesok.no (på norsk bokmål), henta 8. september 2020 
  2. 2,0 2,1 «I tillegg til disse kulturminnene er andre kulturminner i kommunen er andre kulturminner vernet gjennom fredning eller reguleringsplaner. - PDF Free Download», docplayer.me, henta 8. september 2020 
  3. 3,0 3,1 «Klostergata som en «håndsverksgate» i 1891.», www.mosshistorielag.no, henta 8. september 2020 
  4. «Moss havn», www.mosshistorielag.no, henta 8. september 2020 
  5. «tømrer». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 25. november 2016.