Knirkestemme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Knirkestemme eller laryngalisering er ei form for fonasjon (måte å bruke stemmebanda på) der pyramidebruskane i strupehovudet blir drege tettare saman enn normalt og stemmeleppene blir stramma ekstra opp. Det gjer at gjennomstrøyminga av luft blir lågare og vibrasjonsfrekvensen går ned til omkring 20–50 Hertz (pulser per sekund). Samtidig blir trykket under strupehovudet høgare, slik at energien i kvar stemmeleppeopning er høgare enn normalt. Resultatet blir ein «knirkande», sagliknande lyd.

Knirkestemme kan brukast ekstralingvistisk, for eksempel for å signalisere at ein er trøytt og sliten, eller det kan ha ein tydingsskiljande funksjon.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk- og bokmålswikipedia

Sjå også[endre | endre wikiteksten]