Knokkelsvulst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikrofotografi av osteosarkom, ein vondarta form av primær knokkelsvulst.

Ein knokkelsvulst eller beinsvulst er ei neoplastisk vekst av cellevev i ein knokkel.[1][2] Unormal vekst inni knoklane kan anten vere godarta (ikkje-cancerøs) eller vondarta (cancerøs).[1]

Ein lytisk lesjon er eit område der delar av knokkelen ser ut til å ha vorte løyst opp eller «oppeten».

Gjennomsnittleg fem-års overleving i USA etter fastsett diagnose av knokkel- eller leddkreft er 67%.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Roald, Borghild; Sauer, Torill (13. februar 2009). «knokkelsvulster». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. Henta 27. desember 2014. 
  2. Roald, Borghild (13. februar 2009). «bensvulster». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. Henta 27. desember 2014. 
  3. «SEER Stat Fact Sheets: Bone and Joint Cancer». NCI. Henta 18. juni 2014. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.