Knut Hjeltnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Hjeltnes

Knut Hjeltnes ca.1981-1982
Foto: Jarle Vines
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. desember 1951
Ulvik
Død

17. januar 2024 (72 år)

Yrke diskoskaster, kulestøter
Språk norsk
Høgd 192 centimeter
Knut Hjeltnes på Commons

Knut Hjeltnes (8. desember 195117. januar 2024) var ein norsk diskoskastar og kulestøytar. På slutten av 1970-åra og byrjinga av 1980-åra var han ein av dei beste norske mannlege friidrettsutøvarane. Han vann dei fleste noregsmeisterskapane i kule og diskos i den perioden. Sjølv om han høyrde til verdseliten i diskos i fleire år tok han aldri medalje i internasjonale meisterskap. Hjeltnes er ein av til saman berre sju nordmenn som har delteke i ein verdscupfinale i friidrett. I 1979 deltok han i diskoskast og vart nummer 4. I 1977 testa han positivt for doping og var utestengt frå idretten i eit år.[1]

Han sette norsk rekord i diskos med 69,62 i 1985 og den rekorden står enno i 2014.[2] Hjeltnes representerte IL Gular, tidlegare hadde han vore medlem i IL Øystese og BUL-Oslo.

Dopingsak[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1977 vart Knut Hjeltnes som første nordmann teken for dopingbruk, og han vart utestengd frå all idrett i eitt år.[1] Hjeltnes vedgjekk at han hadde brukt anabole steroid.[1] Ein norsk rekord i kule og to i diskos, som han hadde sett i perioden mellom prøven vart teken og kunngjeringa av prøveresultatet, vart strokne.[1]

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • NM 1975 – Gull i diskos og kule
  • NM 1976 – Gull i diskos og kule, bronse i spyd
  • OL 1976 – 7. plass i diskos
  • NM 1978 – Gull i kule
  • EM 1978 – 5. plass i diskos
  • Verdscupfinalen 1979 – 4. plass i diskos
  • NM 1979 – Gull i diskos og kule, kongepokal
  • NM 1980 – Gull i diskos og kule, kongepokal
  • NM 1981 – Gull i diskos og kule, kongepokal
  • NM 1982 – Gull i diskos og kule
  • NM 1983 – Gull i diskos og kule
  • NM 1984 – Gull i diskos og kule, kongepokal
  • OL 1984 – 4. plass i diskos
  • NM 1986 – Gull i diskos, kongepokal
  • EM 1986 – 4. plass i diskos
  • NM 1988 – Gull i diskos
  • OL 1988 – 7. plass i diskos
  • NM 1989 – Gull i diskos
  • Gjeldande norsk rekord i diskos med 69,62 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Rolf Bryhn og Knut Are Tvedt, red. (1990). «Hjeltnes, Knut». Kunnskapsforlagets idrettsleksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 134. 
  2. «Norske rekorder for Menn Senior pr. 1.1.2011». Norges friidrettsforbund. Henta 31. mars 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]