Kolloidosmotisk trykk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kolloidosmotisk trykk er verknaden på det osmotiske trykket av store proteinmolekyl som er tilstade i blodplasma. Dette utgjer berre ein liten del av det totale osmotiske trykket i plasma som vert oppretthalde av alle dei oppløyste innhaldsstoffa. Fordi store plasmaprotein ikkje har så lett for å trengja gjennom kapillærveggene, vil deira verknad på det osmotiske trykket inne i kapillæra til ein viss grad utjamna tendensen væske har til å lekka ut frå desse blodkara. Ved tilstandar der det er nedsett mengde av plasmaprotein, t.d. ved tap gjennom urinen (proteinuri) eller ved underernæring, vil resultatet av for lågt kolloidosmotisk trykk visa seg som ødem, væskeopphoping i kroppsvev.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Osmose

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.