Kompass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit moderne turkompass

Eit kompass er eit navigasjonsinstrument som viser himmelretningane. Eit vanleg magnetkompass viser retninga mot den magnetiske nordpolen, og dersom det er liten deviasjon, vil kompasset peike omtrent mot den geografiske Nordpolen. Det finst magnetkompass, gyrokompass og elektroniske kompass.

Dei første kompassa blei konstruerte i Kina. I Europa finst det opplysningar frå slutten av 1100-talet om primitive kompassinnretningar (ein bit magnetisk jarn på eit halmstrå i ei vass-skål). Frå midten av 1300-talla finst det skildringar av eit kompass med ei skive opphengd på ein stift, og omkring år 1900 fekk det magnetiske kompasset den utforminga det framleis har.

Kinesarane tok i bruk kompasset omkring 1090, under Song-dynastiet. Men den første kinesiske bruken av kompasset var i spådomssamanheng; europearane var tidlegast ute med å bruke kompasset som navigasjonsinstrument i sjøfarten.

Magnetiske kompass[endre | endre wikiteksten]

Det magnetiske kompasset finst dels som orienteringskompass, med ei rørleg kompassnål som viser nord-sør-retning, som peilekompass som viser magnetkurs til peila gjenstandar, eller som fartøys-, båt- eller flykompass, der ei rørleg gradert skive viser kursen. I svært polnære område vil kompasset ikkje lenger fungere.

Orienteringskompasset[endre | endre wikiteksten]

Kompasset ein bruker i orientering består ofte av ei klår plastplate med ein kurspil og ein vridbart kompasshus med ei rørleg nål som viser nord-sør-retninga. Ved bruk vrir ein kompasshuset til ønska kurs, og når nåla blir sentrert over nordmarkeringa til kompasshuset, viser kurspilen til kompasset retninga mot målet. I moderne konkurranseorientering blir ikkje kompasskurs brukt så mykje som før, og det tradisjonelle orienteringskompasset blir mindre brukt. Dei fleste eliteløparane bruker no eit mindre kompass, festa til tommelen på same hand som løparen held kartet i.

Peilekompasset[endre | endre wikiteksten]

Peilekompasset kan vere eit orienteringskompas sin med ein spegel som gjer det mogeleg å sjå både den peila gjenstanden og kompassnåla samtidig, eit spesialkompass med eit siktehòl og ei gradskive som synest samtidig med peila gjenstanden, eller eit båtkompass med handtak og eit spegelprisme som viser gradtalet på kompasskiva. På båtar er peilekompasset ofte ei laus peileplate monterte på det ordinære fartøyskompasset.

Skipskompasset[endre | endre wikiteksten]

Eit magnetisk skipskompass, dei to jernkulene brukast for å korrigere visninga

Kompasset for fartøy, båtar, fly eller bilar har ei gradert kompasskive som viser kursen, er ofte opphengd for å takle krengingar og er veskedempa for kunne lesast av i sjøgang. Tradisjonelt var skipskompass delt inn i kardinal- og interkardinalstrek (sjå nedanfor).

På større fartøy og der avlesingskompass er plassert på magnetisk ugunstige plassar er det normalt med eit sentralt plassert hovudkompass, med overføring til andre visingskompass.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Gradinndeling ved nautisk bruk av kompass

Kardinalsystemet[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt blir systemet brukt med fire kardinalstrekar for å melde kursar og retningar: Nord, Aust, Sør og Vest. Mellom desse fanst interkardinalstreken NO (nordaust), SO (søraust), SV (sørvest) og NV (nordvest). Ytterlegare inndeling gjev NNO (nordnordaust) ONO (austnordaust) og så vidare. Neste nivå er NNOTN (nordnordaust til nord), NNOTO (nordnordaust til aust) og så vidare, noko som gjev 11 1/4 grad per strek. Om ein ville ha ytterlegare presisjon, kunne halv- og kvartstrek brukast. Kardinalstreksystemet lever igjen i f.eks. meteorologisk rapportering: f.eks. sørvestleg vind.

Gradinndeling[endre | endre wikiteksten]

På alle moderne kompass finst òg gradinndeling - ofte parallelt med gjenlevningar av kardinalsystemet. Normalt er kompasset delt inn i 360°. For høgpresisjonsberekningar blir kvar grad delt inn i (boge)minutt og (boge)sekund. Somme kompass er istaden delt inn i 400 s.k. nygradar (og desimalar), med skive inndelt i 400x100x100 istaden for 360x60x60).

Feilvising[endre | endre wikiteksten]

Alle typar av kompass har interne og eksterne feil som må justerast. For magnetiske kompass er desse: kompassfeil, misvising og deviasjon.

Kompassfeil[endre | endre wikiteksten]

Kompassfeil er feil som oppstår ved unøyaktig presisjon ved monteringa av magnetar og gradindelinger. På godt konstruerte kompass er desse negligerbare for normal bruk, men enkle kompass kan ha store innbygde feil. Med desse blir òg monteringsfeil rekna - om f.eks. eit fast kompass er monterte med styrestreken ein grad feil kjem alle målingar til å vise denne feilen.

Misvising[endre | endre wikiteksten]

Misvising skyldast at den geografiske og den magnetiske Nordpolen ikkje ligg på same stad - kompasset peikar altså ikkje mot nord på dei fleste stader på jorda. På grunn av varierande magnetisme i jordskorpa kan misvisinga variere noko over tid og frå landslut til landslut. Den magnetiske Nordpolen (eigentleg sørpolen men ettersom nordenden til kompassnåla stiller seg inn mot den jordmagnetiske sørpolen bruker vi av praktiske grunnar "feil" nemning) ligg for tida i arktiske Canada og flytter seg svært sakte vestover. Noreg ligg slik til i høve til det magnetiske polen at misvisinga er svært liten (somme få gradar pluss til somme få gradar minus). Den lokale misvisinga og den årlege endringa finst melde på kvart sjøkart og på flykart. Andre stader er misvisinga monaleg større - dei nordlege delane av Grønland har f.eks. 40 gradar misvising.

Deviasjon[endre | endre wikiteksten]

Deviasjon er eit samleomgrep for dei magnetiske forstyrringane som oppstår når magnetiske gjenstandar og materiale om bord på fartøyet påverkar kompasset. Jarnskrog, skruar, boltar, riggvaiar, antenner m.m. gjev feilvising og for større fartøy opprettar ein ein deviasjonstabell over korleis feilen fordeler seg på ulike kursar. Denne tabellen blir brukt for å korrigere avlesingar. For småbåtar, kanoar og kajakkar er det oftast slurvet plasserte lause gjenstandar som er årsak til feilvising: radioapparat, knivar, lommelykter, hermetikkboksar og liknande.

Gyrokompass[endre | endre wikiteksten]

For å kome misvising og deviasjon til livs, blei gyrokompasset utvikla for større fartøy og for fly. Det byggjer på at eit opphengt raskt roterande svinghjul, eit gyroskop, som stiller seg inn «parallelt» med jordaksen eller parallelt med horisontalplanet. Eit gyrokompass må kompenserast for fartsfeil - ei feilvising som avheng av fart, kursen til fartøyet og latitude.

Elektronisk kompass[endre | endre wikiteksten]

For nokre år sidan fekk vi òg kompass som er basert på GPS. Dei mottek signal frå forskjellige satellittar og kalkulerer posisjonen sin.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]