Konkurs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein konkurs i norsk meinig (tidlegare òg kalla fallitt) er den juridiske prosessen som går føre seg etter at ein eller fleire kreditorar (dei som har pengar til gode hjå ein skuldnar), eller skuldnaren sjølv, har sett fram krav for tingsretten om konkursførehaving. Dette kan gjerast når skuldnaren er insolvent, dvs han er både illikvid (ikkje har inntekter nok til å dekkja løpande utgifter) og insuffisient (ikkje har aktiva som overstig verdien av forfalle skuld). Tingretten avgjer kravet om konkursførehaving og har den øvste styringa av konkursførehavinga, slik det er fastsett i konkurslova.

Dersom tingretten etter førehavinga av konkurskravet kjem til at det skal opnast konkurs i buet til skuldnaren, vert det teke beslag i alle eignelutene til skuldnaren (med somme unntak og avgrensingar, spesifikt skildra i lova). Til å styre konkursbuet sett tingretten ein bustyrar, i regelen ein privatpraktiserande advokat, som mellom anna har til oppgåve å skaffe eit oversyn over stoda og vurdere om skuldaren har gjort noko ulovleg, og å selje eignelutane i buet for høgste sum, slik at det vert pengar til å dekkje mest mogleg av dei pengekrava som er melde mot konkursbuet.

Etter at kostnadene til konkursførehavinga er frådragne, vert resten av pengane delte på kreditorane etter ein utrekna prosent (dividende) i høve til storleiken på dei krava dei hadde mot skuldnaren. Kvar av kreditorane skal ha like mykje, rekna i prosent, av dei krava dei har mot skuldnaren. Berre krav som er godkjende som rettvise under konkursførehavinga vert rekna med. Konkursførehavinga er soleis eit skifte av skuldnarens aktiva mellom kreditorane, og dei ordinære rettsmøta i tingretten har difor nemninga skiftesamlingar.

Etter lova skal det gjerast opp for somme grupper av krav (som til dømes skattekrav) fyrst, før det kjem på tale å gjere opp for andre typar krav. Ofte er det ikkje pengar nok til å betale meir enn delar av dei krava som har fyrsteprioritet etter lova, slik at det ikkje vert noko til dei andre.

Dei krava eller partene av krava mot skuldnaren som ikkje vert dekte ved konkursoppgjerda, fell ikkje bort, men kan framleis gjerast gjeldande innanfor foraldringsfristane. Men dersom skuldnaren er eit selskap med avgrensa ansvar, eit aksjeselskap eller ei stifting, er det berre selskapets eller stiftingas aktiva som kan nyttast til å betale krav. Selskapet vert difor oppløyst som fylgje av konkursen, utan at kreditorane har nokon skuldnar å halde seg til for framtida.

Dersom det ikkje er nok pengar i konkursbuet til å gjere opp for kostnadene med konkursførehavinga (og ingen av kreditorane har sagt seg viljug til å take på seg desse kostnadene), kan tingretten fastsette at konkurssaka vert innstilt og buet gjeve attende til skuldnaren til fri disposisjon.

Staten, kommunar og fylkeskommunar kan ikkje takast under konkursførehaving.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]